Hopp til innhold

Let seg imponere av Lærdals-laksen

Lærdalslaksen har måtte tole svært mykje dei siste 40 åra. Men regulering av vassføringa, årevis med lakseparasittar og rotenonbehandling til trass – laksestammen har klart seg så bra at forskarane er imponerte.

Arild Johnsen om Lærdalselvi

HAR KLART SEG BRA: Arild Johnsen og fleire andre forskarar slår no fast at Lærdalslaksen har klart seg bra, trass dei mange påkjenningane dei siste åra.

Foto: Montasje: Kjell Arvid Stølen/NRK/privat

I over 40 år har forskarane følgt med på laksestammen i elva som renn gjennom Lærdal. Laksestammen her har slett ikkje hatt nokre enkle tiår, men likevel har dei klart seg bra.

Ved hjelp av DNA-prøver frå fiskeskjel har forskarane sett på kor vidt det genetiske materialet i fisken har endra seg eller ikkje.

Professor Arild Johnsen seier dei ikkje kan påvise genetiske endringar når dei samanliknar prøver frå fiskeskjel samla inn før utbrotet av lakseparasitten, og prøver tekne seinare.

– Dette tyder på at populasjonen er ganske uendra genetisk. Dette er eit resultat vi får til trass for at det har vore kraftige reduksjonar i bestanden, både etter infeksjonen med Gyrodactylus salaris, og kanskje særleg behandlinga med rotenon, seier Johnsen som er professor ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Har vore gjennom det meste

Lærdalselvi blir av mange kalla «dronninga av lakseelvar, og har hatt besøk av mange laksefiskarar opp gjennom åra. Mellom anna har Kong Harald vore ein hyppig gjest.

Men laksestammen her har vore gjennom mykje. Alt i 1972 vart elva regulert, noko som første til utjamna vassføring. Seinare, i 1996, vart den frykta lakseparasitten Gyrodactylus salaris oppdaga for første gong.

Etter dette har elva blitt behandla med gifta rotenon i fleire omgangar, og i 2005 starta ein forsøk med å utrydde lakseparasitten med såkalla surt aluminium i kombinasjon med rotenon.

Og i sommar kunne elva endeleg opne for fiske att, for første gong på 17 år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laksefiske i Lærdalselvi

NØGD: Fiskaren Sebastian Letelier frå Chile kunne glise breitt då han i midten av juni fekk ein laks på åtte kilo i Lærdalselvi.

Foto: Rolf Bjørum

– Vi har blitt imponerte

Ifølgje forskarane er det genetiske arvematerialet i Lærdalslaksen uendra trass dei mange påkjenningane. Dei hadde sett føre seg endringar i både den genetiske strukturen og ikkje minst variasjonen, skriv Forskning.no.

– Men vi har blitt imponerte av den genetiske stabiliteten hos Lærdalslaksen, seier forskar Åge Braband til nettstaden.

Elveeigar og tidlegare leiar i elveeigarlaget, Knut Eltun, gler seg stort over funna til forskarane.

– Det er gledeleg at vi ikkje har fått noko innblanding av oppdrettslaks, men at vi kan ha den gamle stammen som vi alltid har hatt, seier han til NRK.no.

Mottakelege for ny infeksjon

Forskarane peikar på to faktorar som har bidrege til at laksestammen i Lærdalselva har halde seg så stabil. Det eine er at laksen herifrå står tre år i havet før den kjem tilbake for å gyte, det andre er at det har blitt sett ut yngel i elva frå den lokale stammen.

Men, og det er eit men. Det at forskarane ikkje ser endringar i det genetiske materialet hos laksen er ikkje berre udelt positivt, seier Johnsen.

– Dette betyr at denne populasjonen vil vere like mottakeleg for ein re-infeksjon av Gyrodactylus salaris fordi ein ikkje har fått ein seleksjon for resistens.

Denne problemstillinga har ikkje Eltun tenkt på, men han håpar likevel på det beste for framtida.

– Dette har eg ikkje tenkt på, men vi har jo lært at det kanskje kan ta 100 år før ei laksestamme blir resistent mot parasitten, så kanskje har det skjedd små forandringar, seier han.