Hopp til innhold

– Det var snakk om sekundar

Familien på fire hadde berre sekund på seg før heile huset var overtent. – Vi var heldige, trass alt, seier lensmannen som no jaktar svar etter rekkehusbrannen i Svelgen.

Det kan bli vanskeleg å finnne årsaka til rekkehusbrannen i Svelgen. 10 personer mista alt dei eigde.

SJÅ TV-REPORTASJE: Ein utbrend leike er alt som er att. Politietterforskarane jaktar svar i brannruinen.

– Eg opplevde situasjonen som svært dramatisk. Spesielt i huset der brannen oppstod, seier Hans Rune Strandos.

Lensmannen i Bremanger var måndag saman med tre brannetterforskarar tilbake på tomta der 10 personar mista alt dei eigde laurdag kveld. Tre rekkehus gjekk med i brannen som vart meldt i 21-tida på kvelden.

Far og barn måtte bruke brannstige

Den erfarne politimannen er klar på at utfallet av brannen fort kunne blitt svært alvorleg for familien som budde i rekkehusvêret som først tok fyr.

Hans Rune Strandos

FRYKTA KATASTROFALE FØLGJER: Lensmann Hans Rune Strandos seier det fort kunne gått langt verre då tre rekkehus gjekk opp i røyk.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Der budde ein familie med to vaksne og to små barn. Borna var på kvar sitt soverom. Mor fekk evakuert med seg det eine barnet ned ei trapp gjennom opne flammar. Far fekk tak i den andre ungen. Han kom nokre sekund bak, men hadde ingen høve til å ta trappa. Han måtte klatre ut eit vindauge i andre etasje og kom seg ned ein brannstige, fortel Strandos.

Brannstigen hadde familien til alt hell ettermontert for berre nokre år sidan.

– Kor lang tid hadde dei på å berge seg?

– Då snakkar vi om sekund. Vi er veldig takknemlege for at vi har alle saman med oss i dag. Dei mista to hundar i brannen.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Det braut ut brann i eit rekkehus i Svelgen i kveld. Tre hus er totalskadde, medan fire personar er sende til sjukehus med røykskadar.

SJÅ VIDEO: Flammane slukte heimane til tre familiar laurdag kveld. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)

Takkar for hjelp og støtte

Familien, som vart sendt til sjukehus med mindre røykskadar ønskjer ikkje å stå fram i media.

– Vi er alle utskrivne frå sjukehuset, og tilbake i Svelgen der vi no bur hos familie. Vi har det etter forholda bra. Vi er veldig imponerte over korleis kommunen og nærmiljøet har handterte situasjonen, sa mor i familien til NRK tidlegare måndag.

Les også: Familie takkar redningsmannskap og nærmiljøet etter den dramatiske brannen

Veit kvar i huset brannen starta

Lensmannen seier kan takke vêrtilhøva for at brannen ikkje fekk tatt tak i fleire enn tre rekkehus. Brannvesenet makta å stanse flammane ved ein brannskiljevegg som står mellom kvar tredje bustad.

– Det gjorde til at omfanget vart så lite som vi i beste fall kunne rekne med. Det er fælt å si at omfanget blei lite, vi mista tre rekkehus, men det kunne blitt mykje, mykje meir.

Måndag starta det nøysame arbeidet med å finne årsaka til brannen.

– Kjelder fortel til NRK at ei varmepumpe kan ha starta brannen?

– Det har vore snakk om det, og det har vore snakk om mange andre ting. Vi må gå breitt ut. Eg kan verken avkrefte eller stadfeste det no. Vi har lokalisert nokolunde i kva del av huset det byrja å brenne. Vi har eit rimeleg greitt utgangspunkt, men som ein kan sjå på åstaden, er alt veldig utbrent. Det er ein vanskeleg jobb, seier lensmann Hans Rune Strandos.