Hopp til innhold

Leitte i timesvis - såg ingen ulv

EID (NRK): Dei vel 40 jegerane som jakta på ulv i Eid i går, såg ikkje snurten av ulven.

Jegrar fann ulvespor

FANN SPOR: Ulvejegrane kom over ulvespor då dei jakta på ulven måndag.

Foto: privat

Eit konsentrert søk etter ulv i eit område ved skytebana i Stigedalen måndag kveld gav heller ikkje noko resultat.

– Alle har stått på. Det er ein imponerande gjeng, både jaktlaget og grendelaget og alt saman, seier leiar i Eid sau og geit, Arve Dahl.

Over 40.000 mål med utmark vart gjennomsøkt av dei vel 40 jegerane som tok del i jakta på nordsida av Hornindalsvatnet måndag.

Håpar ulven er skremd vekk

– Innsatsen var eineståande. No håpar vi at ulven er vekk og at han ikkje kjem att, seier Dahl.

Ulvejakta vart igangsett etter at ein kvinneleg turgåar kom over eit spor som kunne vere ulvespor.

Fylkesmannen har gitt fellingsløyve på ein ulv nord for Eidsfjorden og Hornindalsvatnet. Løyvet gjeld frå 17. til 23. juli, og det har vore observert ulv i området fleire gonger dei siste månadane.

Arve Dahl leiar i Eid Sau og Geit

FØLGJER MED: Fellingsløyvet på ulv går ut torsdag klokka 20.00, seier leiar i Eid sau og geit, Arve Dahl.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det var tydeleg. Det er same spor som vi har sett før. Dei som var ute og leitte oppdaga også spor, seier Dahl.

Har løyve til torsdag klokka 20.00

Sjølv var han svært sikker på at ulven var i området måndag morgon. Jaktlaget har løyve fram til torsdag klokka 20.00.

– No må vi berre observere og sjå om vi finn skadde dyr eller anna. Så får vi sjå om vi skal samlast att før løyvet går ut, seier Dahl.

Ulvejakt er eit omstridd tema, men jaktlaget har berre fått positive tilbakemeldingar på jobben dei har gjort.

– Så lenge ulven tek dyr må vi gjere det vi kan for å førebyggje at dyra lir, seier Dahl.

I fjor sleppte dei 1.000 lam i det området som det vart jakta i måndag. 103 av desse lamma kom ikkje heim att.

– Ulven skal ikkje få skulda for alt. Men vi er nesten sikre på at han tek det meste, seier Dahl.