Hopp til innhold

Trur mannen er omkomen

Leiteaksjonen etter ein mann i 20-åra vert avslutta førebels onsdag kveld klokka 23. Politiet trur no at mannen har omkome.

Ulukke Vik

SJEKKAR BÅTEN: Politiet gjorde tekniske undersøkingar på ulukkesbåten onsdag kveld.

Foto: Kjell Brekke

Mannen skal ha ramla i sjøen tysdag kveld, men vart først meldt sakna onsdag ettermiddag. Søket vil halda fram utover kvelden, med mannskap som leitar langs land og med båtar. Onsdag kveld kom og mannskap frå Sivilforsvaret i Høyanger på plass med ni mann. I alt var det kring 35 leitemannskap i aksjon.

Røde Kors Kvamsøy

STOR AKSJON: På Kvamsøy, på nordsida av Sognefjorden, er mannskap frå Røde Kors i gang med strandsøk etter den sakna.

Foto: Robet Jan Leerink / NRK

– I kveld har vi redningsskøyta Utvær på plass, i tillegg til friviljuge i fritidsbåtar. Dessutan har vi strandsøk med Røde Kors og friviljuge på begge sider av fjorden. Vi fryktar det verste, men håpar på det beste, seier redningsleiar Edvard Middelton ved Hovudredningssentralen til NRK.

Dei fekk like før klokka 14 onsdag melding om at ein person i tjueåra var meldt sakna etter at vedkommande skal ha ramla over bord ein fritidsbåt.

Ifølgje politiet skal mannen ha ramla over bord allereie tysdag kveld, men den andre personen som var om bord i båten skal først ha fått varsla politiet onsdag ettermiddag.

seaking og båt

LEITAR: Det vert leita etter den sakna mannen både frå sjø, land og luft. Innfelt: Redningshelikopteret frå Florø over Sognefjorden onsdag ettermiddag.

Foto: Lars Finden

– Melder har gitt beskjed om at han mista ein kamerat over bord i Sognefjorden mellom Arnafjorden og Finnafjorden. Dette skal ha skjedd ca 200–300 meter utanfor ein liten plass som heiter Geithus, seier Jan Rikart Lillebøe som er redningsleiar ved Hovudredningssentralen til NRK.no.

Også den mannen som fekk varsla fra, skal vere i tjueåra. Begge skal vere heimehøyrande i Vik kommune.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Skal ha fått motorstopp

Eit redningshelikopter frå Florø vart sett inn i søket, og ei redningsskøyte vart sendt frå Gulen. I tillegg brukar politiet bruke lokale båtar for å søkje langs land. Det er også sett inn styrkar frå Røde Kors langs land.

– Vi køyrer på kryss og tvers her for å leite, veret er bra og fjorden heilt blikkstille, men det er ingen lett jobb dette, seier Lars Finden, som er ein av dei som har stilt opp med båt i leiteaksjonen.

Mellom anna vart Røde Kors hjelpekorps i Høyanger varsla om at dei måtte møte på Kvamsøy i Balestrand for å delta i strandsøk.

Operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier dei fekk melding om hendinga klokka 13.45.

– Det var to karar som hadde vore ute i småbåt med påhengsmotor og opplyste at han miste kameraten sin i går kveld etter at vedkommande ramla over bord, seier Stokkereit.

Seaking sognefjorden

GODT VER: Det er gode leitetilhøve, også for redningshelikopteret.

Foto: Vilde Finden

Veit lite om årsaka til sein melding

Om årsaka til at mannen ikkje har meldt frå om hendinga før dagen etterpå har politiet ikkje fullstendig oversikt enno.

– På grunn av motorstopp og ymse problem hadde han ikkje kome seg av garde for å melde frå om dette før i dag, klokka kvart på to, seier Stokkereit til NRK.no.

– Har politiet mistanke om at det er promille med i biletet?

– Ja, det er ting som tyder på det, seier Stokkereit utan at han ønskjer å gå vidare inn på det.

Begge mennene skal vere i 20-åra opplyser politiet.