Hopp til innhold

Leiteaksjon etter turlag på sju personar avslutta

Politi og Røde Kors frå Lærdal og Aurland vart kalla ut for å leite etter eit turlag på sju personar, då dei ikkje hadde møtt opp til avtala tid og stad.

Leiteaksjon

Politiet var i kontakt med ein i turfylgjet som opplyste at dei hadde gått feil, men er no i rute att. Dei sju personane vil ta seg ned på eiga hand, opplyser politiet på Twitter klokka 21.15.

Turfylgjet med norske turistar skulle gå frå Vardahaug til Frønningan, ein tur som er stipulert til åtte timar. Dei sju personane la ut på tur ved 09.30-tida i dag tidleg.

– Vi har starta ein leiteaksjon etter personane sidan dei ikkje har kome fram til avtalt tid, som var 19.30, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen klokka 20.45.