Hopp til innhold

Sakna 22-åring kom til rette 25 kilometer unna

Den tyske turisten som var meldt sakna på Sognefjellet kom seint tysdag kveld til rette, 25 kilometer frå der han sist vart sett. – Han var ute og såg på sola, då han gjekk seg vekk, opplyser politiet.

Leiteaksjon i Luster

GJEKK SEG VILL: Sogn Brann- og redning hadde avslutta søket for kvelden då den sakna 22-åringen kom til rette.

Foto: Sogn brann og redning

Den tyske 22-åringen hadde sjølv greidd å ta seg til Fortun, der han oppsøkte folk. På det tidspunktet hadde forsøka på å finne han allereie blitt avslutta for kvelden. Etter ei lang vandring i fjellet smakte det godt med ein varm dusj og tørre klede.

– Han var medteken då han kom til folk. Han hadde gått over ei elv, så han var våt og han hadde fått gnagsår frå støvlane han hadde på seg. Så han var nok lukkeleg når han kom til folk, ja, seier Olaug Holme i politiet.

Stor leiteaksjon

Mannen vart sist sett av kameratane sine klokka to natt til tysdag. Ein større leiteaksjon vart sett i gang etter 22-åringen, og det var venta at denne ville halde fram gjennom natta.

Tysdag kveld gjekk politiet ut og bad publikum om tips om observasjonar rundt Turtagrø og Sognefjellshytta.

I alt 16 personar deltok i leitinga, der dei mellom anna hadde gjort overflatesøk av Galgebergstjørna.

– Han er svært takksam for alle som har vore med å leite, seier Olaug Holme, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sov i telt

Den tyske mannen forsvann i området Galgebergstjørna på Sognefjellet, åtte kilometer aust for Turtagrø. Avstanden til Fortun er kring 2,5 mil.

– Vi leitar etter ein 22 år gamal tyskar som har vore sakna sidan natt til tysdag, opplyste Wenke Hope, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, tidleg tysdag ettermiddag.

– Han er ikkje kledd for å gå i fjellet, la Hope til.

Var rusa då han la seg

– Han skal ha sove i eige telt i natt, og då dei vakna var mannen vekk, forklara Hope.

– Er det grunn til å tru at mannen kan ha halde fram fjellturen på eiga hand?

– Mannen var rusa då han gjekk og la seg, så det er ingen grunn til å tru at han då har halde fram turen på eiga hand.

Redningshelikopter, og Sogn brann- og redning deltok i søket, i tillegg til frivillige frå Røde Kors.

– Fleire fjellvatn i området skal undersøkast med båt. Redningshelikopteret søkjer over området for å sjå om dei kan gjere observasjonar, opplyste Hope.