Hopp til innhold

Leitar etter sakna turist i 20-åra

Store mannskap har sidan torsdag kveld leita etter ein sakna engelsk turist i Fortun i Luster. Det er bratt og ulendt terreng i området, og søket er vanskeleg.

Store mannskap er med i leitinga etter ein engelskmann i 20-åra som er sakna i Fortun i Luster.

HELD FRAM: Luftambulansen har vore involvert i søket etter den sakna turisten sidan i går kveld. Dei held fram å søkje i fjellområdet ved Fuglesteg. (FOTO: Stine Kyrkjebø Johansen).

SISTE: Klokka 11 er det framleis ikkje sett spor etter mannen. Leitemannskapa ventar no på eit helikopter med varmesøkjande kamera som blir sett inn i søket.

Søket går føre seg for full styrke, men i 08-tida har ein framleis ikkje sett spor av mannen.

– Det er ikkje gjort noko funn, og vi har heller ikkje sett noko spor etter han så langt, seier Morten Heggestad i Hafslo Røde Kors.

Nesten 50 personar leitar

Mannen vart meldt sakna i 21.30-tida torsdag kveld, og både politi, luftambulanse og Røde Kors Hjelpekorps vart raskt sett inn i søket.

Fredag morgon er det nesten 50 personar som deltek i søket, og mannskap frå Norske redningshundar, Jostedalen alpine redningsgruppe og Sivilforsvaret er også på plass.

– Leitinga held fram med full styrke, seier operasjonsleiar Wenke Hope til NRK.no i 06-tida.

Skulle gå åleine ned att

Det er snakk om ein engelsk turist som ikkje kom tilbake etter ein fjelltur i området ved Fuglesteg. Dette er eit populært turområde, og mannen kom til Fuglesteg ved 14.30-tida torsdag.

Han var då saman med eit turfølgje, men valde å gå åleine ned att.

– Mannen var lettkledd, men hadde med seg ein sekk med ekstra klede. Han ville gå litt for seg sjølv på vegen tilbake frå Fuglesteg, seier Hope.

– Det er ikkje uvanleg at han tek ein eigen veg tilbake når dei er på tur, og det er sagt at han er i god form, seier Hope.

Men mannen kom ikkje tilbake. Klokka 21.30 torsdag kveld vart mannen meld sakna av reisefølgjet sitt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nedatt frå Fuglesteg

KOM IKKJE ATT: Fuglesteg er ei gard over Fortun i Luster. Ein engelsk mann i 20-åra er sakna etter at han ikkje kom tilbake etter ein tur dit torsdag. Biletet er teke frå ein fottur i området tidlegare.

Foto: Beate Cecilie Moen

Vanskeleg søksområde

Leitemannskapa søker etter mannen i områda rundt Fuglesteg, Berdalselva, Hjorten og Furåsen. Arbeidet er vanskeleg.

– Vi veit ikkje kva veg han hadde tenkt å gå, og heller ikkje kva retning han har gått i, seier Hope.

Søket held fram med full styrke utover morgonen.

– Det er eit vanskeleg søksområde. Det er bratt og mange ulendte plassar. Det er elvegjel og det er tett vegetasjon, og vanskeleg for helikopteret å sjå noko frå lufta, seier operasjonsleiaren.

– Må nesten gå rett på vedkommande

Lars Solnes

STIAR: Lars Solnes i Hafslo Røde Kors seier dei har gått opp stiar i området, og at dei i morgontimane fredag har byrja leitinga langs bekker og elvar i området.

Lars Solnes er leiar i Hafslo Røde Kors Hjelpekorps. Dei har hatt mannskap med i leitinga sidan midnatt.

Solnes seier dei har gode leiteforhold med bra vêr, men at det er eit krevjande terreng å gjere søk i.

– Det er veldig bratt, med mykje hamrar og bratte fjellsider. Vi har no leita i skogen og vidare oppover og nedover fjellet. Vi har gått opp stiar i området, og no er vi byrja leite meir langs elvar og bekkar, seier han til NRK.no.

Tett vegetasjon gjer det vanskeleg for mannskapa i luftambulansen å sjå noko frå lufta. Også for mannskap på bakken er det vanskeleg.

– Vi må nesten gå rett på vedkommande for å finne han, seier Solnes.

Leitar etter sakna turist i 20-åra i Luster

SØK: Luftambulansen har søkt etter mannen sidan i går kveld. På det venstre biletet ser du fjellområda der ein fokuserer søket. Til venstre er Fuglesteg, medan Furåsen er til høgre i biletet.

Foto: Tage Skjaak Moen (MMS-foto)

Store mannskap er sett inn i søket etter den sakna mannen i 20-åra i Luster

STORE MANNSKAP: Rundt 50 personar er fredag morgon sett inn i søket.

Foto: Tage Skjaak Moen