Hopp til innhold

Leitar etter sakna mann

Politiet leitar no etter ein mann i Førde sentrum. Søket held fram utover natta.

Sivilforsvaret i Førde

MED I LEITINGA: Sivilforsvaret har kome til lensmannskontoret i Førde. No skal dei vere med i leitinga etter mannen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Mannen er i 70-åra og har truleg på seg ein rutete vinterjakke. Han har også ein sykkel med hengarfeste.

– Mannen har vore sakna sidan kl. 15. Vi har varsla politiet i Førde, Røde Kors, Sivilforsvaret og Norske redningshundar, og ein leiteaksjon er sett i gang, opplyser operasjonssentralen til NRK.

Det var like etter kl. 22:00 at politiet gjekk ut med meldinga om den sakna mannen.

Operasjonsleiar Ole Tom Nord hos politiet seier det er eit mannskap på 23 pluss to hundar, som blir sett inn i leitinga.

– Den første puljen er i gang no, seier han til NRK klokka 23.

Søket held fram utover natta. Dei to hundane er på veg frå Ålesund og blir med på leitinga når dei er på plass i Førde i natt.

Dei som har tips i saka, kan ringje politiet på 02800.

førde