Hopp til innhold

Finn ikkje sakna kvinne - politiet ber om hjelp frå frivillige til å leite

Politiet har svært få spor å gå etter i leiteaksjonen etter den sakna kvinna i 80-åra i Førde. No ber dei frivillige om å hjelpe til med å leite.

Politiet leitar etter ei kvinne i 80-åra etter at ho vart meldt sakna tysdag kveld.

LEITEAKSJON: Politiet leitar etter ei kvinne i 80-åra etter at ho vart meldt sakna tysdag kveld. Lensmann Jan Egil Tvinde orienterer. Foto/Redigering: Stine Kyrkjebø Johansen

Det var klokka 18.30 i går at familien til den sakna melde ifrå om at ho ikkje var i heimen sin som forventa. Familien og politiet har prøvd å få kontakt med kvinna utan å lukkast.

Har kartlagt omgangskrinsen hennar

– Me har prøvd å kartleggja omgangskrinsen hennar og har vore i kontakt med desse, utan at me kjem noko vidare, seier Kjetil Drange, operasjonsleiar hjå politiet.

Klokka 21.23 vart det, i samråd med Hovudredningssentralen, avgjort å varsla Røde Kors og Norske redningshundar. Klokka 22.40 var søket i gong.

– Me har ingen informasjon om at ho skal ha bevegd seg utanfor veg, gangveg eller sti. Difor blir det leita i byggjefelt og langs veg, seier Drange.

(Artikkelen held fram under videoen)

Politiet har svært få spor å gå etter i leiteaksjonen etter den sakna kvinna i 80-åra i Førde.

TO HUNDAR: To hundar er med i søket etter den sakna kvinna. Video: Alf Vidar Snæland

Aktuelt å utvida søket

Briefingmøte leiteaksjon Førde

BRIEFING: Leitemannskapa er samla til briefingmøte i morgontimane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Politiet har veldig lite å gå etter, men ønskjer å koma i kontakt med føraren av ein sølvfarga bil av type Citroën Berlingo eller VW Caddy eller liknande. Kvinna er sett i samband med ein slik bil om lag klokka 10 om føremiddagen i Hornesvegen 22 i Førde.

– Kvinna er observert i samband med denne bilen i går føremiddag i Hornesvegen 22 i Førde. Det er siste sikre observasjon av kvinna. Me ønskjer å koma i kontakt med føraren for å få meir informasjon, for som sagt så veit me lite om kor kvinna kan vera, seier Drange.

Eit tjuetals personar og to hundar er med i søket. Politiet har ingen teoriar om kva som kan ha skjedd med kvinna.

– Me vil samla informasjon for å prøva å snevra inn søket. Viss ikkje leitinga fører fram, så vil det vera aktuelt å utvida søket, seier han.

Ber om hjelp

Jan Egil Tvinde

BER OM HJELP: Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, ber frivillige om hjelp til leitinga.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Klokka 10 onsdag føremiddag er leitemannskapa nettopp ferdige med eit briefingmøte. No ber politiet om hjelp frå frivillige til å bli med på leitinga.

– Me har ikkje funne ho endå, og har på ny starta leitinga i nærområdet der ho bur. Me veit ikkje kva som har skjedd, seier lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde.

– Mistenkjer de at det har skjedd noko kriminelt?

– Nei, det har me ingen holdepunkt for å tru, og me håpar sjølvsagt dette har ei naturleg forklaring.

Politiet har undersøkt leilegheita til kvinna, og fann ikkje noko mistenkjeleg der.

– Det er nokon som har sett ei dame dei meiner kan vera ho, men me treng fleire vitneobservasjonar. Det er ikkje mange vitneobservasjonar me har.

Leiter etter sakna kvinne i Førde

LEITING: Mannskap frå Røde Kors og Sivilforsvaret trålar no store område i Førde på leit etter den sakna kvinna.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK