Hopp til innhold

Sakna kvinne funnen i god behald

Leitemannskap og eit redningshelikopter vart kalla ut etter at ei kvinne laurdag morgon vart meldt sakna i Jølster.

Jølster
Foto: Skjermdump, Google

Kvinna i slutten av 50-åra hadde truleg lagt ut på fjelltur i løpet av fredagen.

– Vi har Sea King-helikopter, Røde Kors, Norske Redningshunder og politiet på staden. Dei søkjer på sørsida av Kjøsnesfjorden, opplyste operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no laurdag føremiddag.

Klokka 11.06 vart funnen i god behald i nærleiken av Langevatnet i Jølster.

Redningshelikopteret hadde då følgt eit spor frå lufta i området. Ein hundeekvipasje vart frakta opp saman med ein person frå Røde Kors, som saman fann kvinna.