Hopp til innhold

Trenarar orkar ikkje vere med lenger - slit med foreldre som blandar seg inn

Leiarar opplever stadig oftare at foreldre pushar fram sine eigne ungar i den aldersbestemte fotballen.

Knut Erik Folland

LEI: - Det verste som kan skje er at vi får ein type mobbeoffer som resultat av at foreldre gir eigne ungar fordelar på kostnad av andre, seier hovudtrenar Knut Erik Folland i Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Desse foreldra utgjer ei lita gruppe, men dei er eit aukande problem for klubben. Foreldre og trenarar gir eigne ungar fordelar som går utover andre ungar, og dei legg seg borti trenaren sine disponeringar for å fremme sine eigne ungar, seier Knut Erik Folland.

Han har vore hovudtrenar i Førde Fotball sidan 2007, og har over tid lagt merke til det han kallar eit aukande engasjement blant foreldra. I nokre tilfelle går foreldra så langt på vegner av sine eigne at det blir uhaldbart.

– Nokre foreldre involverer seg for sterkt. Dei pushar ungane sine, og prøver å dra fordelar når det gjeld speletid og trenaren sine prioriteringar. 95 prosent gjer ein fantastisk jobb, men vi får fleire meldingar om dette frå andre foreldre enn det vi gjorde for berre sju-åtte år sidan, seier Folland.

Han legg til:

– Vi må få gjort noko med det. Vi har folk på aldersbestemt nivå som ikkje vil vere trenarar lenger. Rett og slett på grunn av påtrykk frå foreldre.

Kjenner att problemstillinga

Sportsdirektør i Strømsgodset, Jostein Flo, kjenner att problemstillinga og ber foreldre bruke meir sunn fornuft.

Jostein Flo

BRUK FORNUFT: Tidlegare landslagsspelar i fotball, Jostein Flo, kjenner att problemstillinga og ber overivrige foreldre bruke sunn fornuft.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Det er skilnad på å leggje til rette, stå bak, motivere og skape entusiasme hos ein idrettsutøvar, kontra å stå framfor og stille krav, presse og ikkje klare å lage motivasjon, seier stryningen.

– Vi ser alt for ofte at foreldrene stiller større krav enn ungane klarer å lage motivasjon til. Konsekvensen er at foreldra øydelegg meir enn dei klarer å leggje til rette, legg den tidlegare spissen til.

– Foreldre har blitt meir kravstore

Problemstillinga er ikkje ny for fotballkrinsen i Sogn og Fjordane. Dagleg leiar Svein Olav Myklebust viser til at dei høyrer om liknande saker også andre stader.

NRK veit at utfordringane finst på samme måte i andre idrettar, og særleg innanfor lagidrettane. Så seint som i vinter sende skikrinsen ut foreldrevettreglar fordi dei opplevde at foreldre pusha ungane sine for hardt og for langt.

– Dette er nok ei reell problemstillling, som finst både i skulen, fotballen og idretten generelt, seier Myklebust til NRK.no.

– Vi skal ikkje overdimensjonere det, og det vil nok også variere frå plass til plass. Men foreldre har nok blitt meir kravstore på vegner av ungane sine. Dei følgjer dei tettare enn tidlegare. Det kan gi seg slike utslag, seier han.

Han understrekar at fotballkrinsen tek slike saker på alvor, og at ein jobbar med eit prosjekt der organisering og struktur i klubbane kan gjere det lettare både for foreldre og trenarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Myklebust og fair play

FORELDREVETT: Svein Olav Myklebust og Sogn og Fjordane Fotballkrets har gitt ut eigne foreldrevettreglar på nynorsk.

Foto: Skjermdump/Arve Uglum / NRK

– Ser situasjonen gjennom eigen unge

I Florø opplever A-lagstrenar Terje Rognsø at det er umogleg å gjere alle til lags. Han er som kollega Folland oppteken av at foreldre som trenarar for aldersbestemte lag er er ein enorm ressurs.

Men han er ikkje i tvil om at det har blitt vanskelegare å handtere foreldre til unge spelarar enn det var tidlegare.

– Vi står her overfor ei kjempeutfordring. Det er veldig vanskeleg å vere trenar i den aldersbestemte fotballen. Alle foreldre ser situasjonen gjennom sin eigen unge. Og mange har ein tendens til å blande seg for mykje inn, seier han.

Han viser til episodar der dei samme foreldra har endra synspunkt på måten ting blir gjort på frå år til år - alt etter kva nivå ungane deira er på.

– Eg trur det har vore ei endring i samfunnet, der foreldre no blandar seg meir inn. Samstundes er dei ein enorm ressurs. Så dette er veldig vanskeleg. seier Rognsø.

Møter problemet særleg ved uttak

Førde er den største fotballgruppa i Sogn og Fjordane målt i aktive spelarar. Knut Erik Folland er oppteken av at klubben er fullstendig avhengig av foreldre som trenarar nedover i årsklassane - men at det også har sine utfordringar.

– Det kjipaste er når ein trenar gir eigen unge fordelar på kostnad av andre, og dei andre ungane lar det gå utover denne guten eller jenta. Det er det verste som kan skje - at vi får ein type mobbeoffer som resultat av at foreldre fremmar sine eigne ungar, seier Førde-trenaren.

Han viser til at problemet blir særleg tydeleg når ungane blir så store at det blir aktuelt med uttak til satsingslag, toppgruppe og krinslag. Dei aller fleste gjer ein god jobb, men så er det ei lita gruppe som ikkje klarer å finne den rette balansegangen.

– Ideelt sett burde ikkje foreldre vere trenarar for sine eigne ungar. Men med 120 lag er vi avhengige av dei, og eg har respekt for at mange har lyst til å følgje opp sine eigne ungar, seier Folland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Rognsø, Knut Erik Folland i bakgrunnen

UTFORDRANDE: Terje Rognsø (framme) og Knut Erik Folland (i bakgrunnen) er hovudtrenarar i kvar sin breiddeklubb i Sogn og Fjordane. Begge opplever at trenarar nedover i aldersklassane møter utfordringar med foreldre som blandar seg inn.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Trykket blir veldig stort mot trenarane

Berre dei siste fire-fem månadane meiner Folland at han har hatt sju-åtte saker om trenarar og foreldre på sitt bord. Det er saker som er så grove at hovudtrenaren må gripe inn. Det går spesielt på fordeling av speletid, men også tilfelle der folk vil slutte på grunn av vanskelege arbeidsforhold.

– Eg høyrer via bakvegar om differensiering i kamp, speletidsutfordringar og feilfordelingar. Trykket blir veldig stort mot trenarane, og særleg på dei spissa laga, seier Folland før han held fram:

– Men vi har kjempebehov for mange trenarar her, og vi må ta vare på dei. Her har eg og foreldregruppa eit stort ansvar, seier Folland.

Førde rullerer no sportsplanen i klubben, der ein jobbar for å profesjonalisere trenarane nedover på satsingslaga. Der blir det gitt klarare retningslinjer for trenar- og foreldrerolla, slik at det skal bli lettare å vere med i den aldersbestemte fotballen.

– Vil realisere seg sjølv gjennom ungen

Førde-trenaren påpeikar at foreldre som sjølv er trenarar står overfor ei ein utfordrande situasjon. Nokre prioriterer sin eigen unge når det gjeld speletid, andre endar opp med å la sin eigen unge spele minst - av frykt for kva andre måtte meine.

–Som trenar blir ein kontrollert av andre foreldre, og det er eit stort påtrykk frå omgjevnadane, seier Folland.

Han trekkjer også fram døme på foreldre som skal realisere seg sjølv gjennom ungane sine. Resultatet er at ungane til slutt går lei - og sluttar i ein alder av 14-15 år.

– Dei som blir veldig gode, uansett om det er i fotball eller piano, er dei som har drivkraft til å trene sjølve - utan at foreldra skal pushe og leggje alt til rette. Det er nyttelaust om foreldra har større drivkraft enn ungane sjølve, poengterer Folland.

Det er Myklebust i fotballkrinsen samd i. Han understrekar at ingen andre enn den unge spelaren sjølv kan gjere han til toppidrettsutøvar - uansett kor mange fellestreningar ein måtte vere med på i åtte-ti-årsalderen.

– På 70-talet kom ungane på trening og vart trente, medan foreldra sitt engasjement var å møte opp på kamp. No veit eg ikkje om det er det beste heller, det er veldig flott at foreldre bryr seg og er aktive rundt ungane sine. Men samstundes er det viktig å ha respekt for at det skal gjerast ein jobb frå trenarar og leiarar i en fotballklubb, seier Myklebust.