Hopp til innhold

Lastebil og to personbilar har kjedekollidert

Ei kvinne i 40-åra er sendt til sjukehus med nakkeskadar etter ein kjedekollisjon mellom ein lastebil og to personbilar ved Langelandsvatnet i Gaular.

Trafikkulykke E39 i Gaular ved Langeland

ULUKKE: Ein lastebil har køyrt inn i ein personbil på Langeland i Gaular. Tre bilar var involverte i kjedekollisjonen.

Ulukka skjedde då traileren køyrde inn i ein personbil bakfrå. Denne kolliderte så inn i bilen framfor seg. Ein person er vart skada i ulukka og er no sendt til sentralsjukehuset i Førde med nakkeskadar.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16:27.

– Naudetatane er på staden. Vegen er ikkje stengt og det er mogleg å passere, seier Inge Verøy ved operasjonssentralen i Florø.

Kjedekollisjon på Langeland

TIL SJUKEHUS: Ein person vart frakta til sjukehus etter ulukka.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK
Laster Twitter-innhold
Kjedekollisjon ved Langelandsvatnet