Lastebil velta på E39 i Jølster - PÅ SIDA: Lastebilen la seg på sida utanfor vegbana. - Foto: NRK-tipsar /

PÅ SIDA: Lastebilen la seg på sida utanfor vegbana.

Foto: NRK-tipsar

Lastebil med sprengstoff velta

Ein lastebil lasta med sprengstoff velta på E39 i Årdal i Jølster i 9.30-tida i dag.

Politibetjent Agnar Bøyum ved Jølster lensmannskontor stadfestar at dei har fått melding om uhellet.

– Vi har fått beskjed om at det ikkje er fare for at sprengstoffet skal eksplodere, men vi rykker ut for å sjå nærare på det.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lastebil med sprengstoff velta på E39 ved Årdal i Jølster - I GRØFTA OG UT: Bilen er lasta med sprengstoff. - Foto: Knut Osvoll /

I GRØFTA OG UT: Bilen er lasta med sprengstoff.

Foto: Knut Osvoll

På operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt får vi opplyst at det var ein person i lastebilen, og at vedkomande skal ha kome seg uskadd ut av bilen.

Det var i alt to tonn sprengstoff på bilen. Det skal no lastast over på ein annan bil som er på veg til Årdal.

Det skal ikkje ha kome nokon bil i mot då uhellet skjedde, bilen har kome for langt utpå kanten og fått høgre framhjulet i grøfta.

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.