Hopp til innhold

Lastebil køyrde på personbil bakfrå

Ein person har fått skader i nakken etter at ein lastebil køyrde på ein personbil bakfrå i Førde.

Trafikkulukke i Førde

Politiet fekk melding om trafikkuhellet like etter klokka halv elleve. Påkøyrsla skjedde ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

Politi og ambulanse er komne til staden. Bergingsbil kom seinare til og fekk fjerna den havarerte personbilen.

Den skadde personen vart teken med til legekontoret for ein helsesjekk.

Politiet seier at det vil bli oppretta sak etter påkøyrsla, noko som er standard prosedyre etter trafikkuhell med personskade.