Hopp til innhold

Lastebil køyrde inn i personbil på E39

Ei kvinne er send til lege med ambulanse etter at ein lastebil køyrde inn i ein personbil på E39 ved Sunde like utanfor Førde i ettermiddag.

Sunde

Den kvinnelege føraren av personbilen har ifølgje politiet smerter.

– Ulykka skal ha skjedd like ved avkøyringa til skulen på Sunde. Ein lastebil køyrde inn i bilen framfor. Eg veit førebels ikkje noko om skadeomfanget til kvinna, opplyser operasjonsleiar ved i Sogn og Fjordane, politidistrikt region Vest, Per Rimmen.

Ulykka vart meld like etter klokka 13 og skjedde i ei 60-sone. Det var to personar i personbilen og ein person i lastebilen.

– Skjedde ulykka då personbilen var i ferd med å svinge av vegen?

– Det har vi førebels ikkje opplysningar om, seier Rimmen.