Hopp til innhold

Lars (14) skulle berre kappspringe heim mot mamma - vart angripen av ugle

Lars Thorsnes Lefdal (14) skulle ta snarvegen for å slå mamma Gunn Beate på vegen heim. I staden vart han angripen av ei sint kattugle.

Lars vart angripen av ugle

SILTE: Blodet rann etter ugleangrepet, men Lars Thorsnes Lefdal beheldt roa.

Foto: privat

– Vi hadde gått opp Sandvikberget og opp på Brunen. Då vi skulle ned att, bestemde eg meg for å gå svingane ned Engjadalsvegen, medan Lars skulle springe ned via Lø, seier mor Gunn Beate Thorsnes Haugen.

Det skulle syne seg å bli meir dramatisk enn kva både mor og son hadde trudd på førehand då dei la ut på tur i Gaupne i Luster.

For medan Gunn Beate gjekk nedover svingane og ante fred og ingen fare, vart 8.-klassingen hennar angripen av kattugla, som har skremt mang ein turgåar i Sandvikberget siste dagane.

Klar til kamp

Rett under turposten på Lø, slo uglemor til. Med klørne ute, klar til kamp, truleg for nokre små garnnøste av nokre ungar som ho sikkert har liggjande i eit reir ikkje så langt frå turstien.

Før Lars visste kva som skjedde, hadde kattugla sett klørne både i hovudbotnen hans og i augeloket, kjaken og skallen. Blodet silte, men heldigvis klarte 14-åringen å halde hovudet kaldt og komme seg heim utan at ugla fekk tak i han nok ein gong.

– Eg vart litt fælen med ein gong, for blodet rann jo og det såg ganske gale ut. Men då vi fekk vaska vekk det verste, såg vi at det ikkje var så gale. Ein blør nok litt ekstra når ein har høg puls og er varm i kroppen, seier Haugen.

I tillegg til klora i hovudbotnen, fekk Lars fire stygge kutt i fjeset. Eitt i skallen, eitt på augeloket og to under auget. Men det kunne gått så mykje verre.

– Vi var først redde for at han hadde øydelagt auga, men han ser heldigvis heilt fint. Så ho har berre fått tak i augeloket, fortel Haugen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Thorsnes Haugen

PÅ TUR: Lars Thorsnes Haugen er blant dei mange som nyttar turområdet i Sandvikberget. No ber politiet folk vere på vakt, sidan ei litt over snittet sint ugle er på krigsstien der.

Foto: privat

Auga er heilt attklistra

14-åringen er ved godt mot, men venstre auga er søndag heilt attklistra og sterkt hovna opp etter møtet med fru ugle.

– I dag får han ikkje opp auga, men det kjem seg nok. Flengja i skallen er også litt djup, men det gror no i hop att. Vi får berre ta tida til hjelp, seier Haugen.

Ironisk nok er det orm turgåarane har vore mest redde for når dei har gått i Sandvikberget.

– Vi pleier å sjå meir ned enn opp når vi går der. Men no må vi tydelegvis sjå både opp og ned, seier Haugen, og kan ikkje anna enn å smile.

Men ho er klar på at det blir ei stund til ho legg ut på tur i Sandvikberget att.

– Eg trur eg finn meg ein annan turveg ei stund framover, seier Haugen og ler.

Vart biten av hoggorm

Det er ikkje første gongen 14-åringen vert angripen av uhumske dyr i skogen. For eit par år sidan gjekk han seg på ein hoggorm.

– Ja, han har vore ute ei vinternatt før. Den gongen vart han biten av ormen, men det gjekk bra det også. Og når det er sagt, så har vi nytta turvegen i årevis, utan å ha sett ei einaste ugle, så vi får tru ho roar seg når ungane er ute av reiret, seier Haugen.

Linda Øvregard Røhme og mannen var på tur vel ein time før Lars vart angripen, og også dei fekk eit ublidt møte med uglemor, heilt utan at dei ante ugler i mosen.

– Vi kom gåande rett under Lø, og før vi visste ordet av det, kom ugla susande og sette klørne i hovudet på mannen min, fortel Røhme.

Suste ned i hovudet på vaksen mann

Han sokk i hop og visste ikkje kva som hadde treft han. Men det forstod dei fort.

– Ho gjekk rett ned i hovudet på han. Så flaug ho vidare, gjorde ein sving, og sette seg i eit tre. Det var veldig ekkelt, for ho kom så stilt. Eg høyrde berre eit svosj akkurat i det ho hadde vore nedpå hovudet til mannen min, fortel Røhme.

Dei to kom seg raskt derifrå, men Røhme ber folk vere på vakt.

– Spesielt små born bør vere obs, for ugla går etter hovudet. Det er fort at nokon kan komme til skade, og det heile skjer ufatteleg fort, seier Røhme.

Området er hyppig nytta som turområdet, ikkje minst fordi det ligg turpostar der.

Også politiet åtvarar folk mot å gå i området.

– Ta omsyn og ver obs. Det er berre snakk om nokre veker før ugla har fått ungane ut av reiret. Då vil dette forhåpentlegvis ordne seg av seg sjølv, seier politibetjent Kristin Sønnesyn hjå Luster lensmannskontor.