Hopp til innhold

Fryktar alvorlege tunnelulukker på Strynefjellet

I fleire tunnelar i fylket går føre seg arbeidet som skal sikre kommunikasjon mellom naudetatane. Men mange blir tunnelar blir utan den nye naudnettet.

Det nye naudnettet blir no bygd ut i tunnellane på vestlandet. Men berre i dei tunnellane som hadde det gamle naudsambandet frå før. Ein katastrofe, meiner ordføraren i Stryn.

SJÅ TV-SAK: Det nye naudnettet som er under bygging kjem berre i dei tunnelane som har det gamle naudsambandet frå før.

Ordførar Sven Flo i Stryn er svært kritisk til at dei gamle tunnelane på Strynefjellet er mellom fleire gamle tunnelar som må klare seg utan det nye naudnettet.

For berre tunnelar som har det gamle naudsambandet frå før, får det nye naudnettet. Det har Strynefjellstunnelane aldri hatt.

– Spesielt om sommaren er det mykje trafikk her. Mange bussar, mykje turistar og godstransport. Ei ulukke i ein av tunnelane her ville vere ei katastrofe, seier han.

80 millionar kroner

Arbeidet Statens vegvesen starta etter påske, har ein prislapp på kring 80 millionar kroner . Arbeidet starta i Sogn og i Nordfjord. Hjelletunnelen i Stryn er den første tunnelen på Vestlandet som får det nye naudnettet.

Det skal gjere det mogleg for naudetatane å kommunisere med omverda ved ei ulukke.

– No er det dei tunnelane som har det gamle systemet som får det nye systemet, seier prosjektleiar Sveinung Hovland ved Statens vegvesen.

– Ein tankevekkjar

Sjølv om dei er lengre, så er altså ikkje tunnelane over Strynefjellet blant dei som no får naudnettet. Her er det mange mil til næraste naudetat, og ordførar Flo fryktar ein brann som i fjor sperra inne 70 personar i Gudvangatunnelen.

Då er det heilt avgjerande at hjelpemannskap kan snakke med kvarandre. Flo trur det berre handlar om prislapp, og ikkje ein betre beredskap.

– Det bør vere ein tankevekkar når ein snakkar om naudnettet som har vore så mykje fokus på sidan 22. juli. Det var det som sparka i gang diskusjonen, seier han.

– Slår uheldig ut

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

BEREDSKAPSSJEF: Haavard Steensvand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tunnelar som ikkje har naudnett frå før, får det nye naudnettet dersom meir enn 5.000 køyretøy brukar den kvar dag. Ein tunnel med så mykje trafikk har ein ikkje i fjordfylket.

Også fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er uroa over situasjonen.

– I og med at trafikken er så pass låg i dei fleste tunnelar i fylket vårt, så slår det uheldig ut, seier han og deler uroa til ordføraren i Stryn.

Har andre løysingar

Nina Myren

AVDELINGSDIREKTØR: Nina Myren i Direktoratet for Nødkommunikasjon.

Foto: Pressefoto/Morten Brakestad

Avdelingsdirektør Nina Myren hos Direktoratet for Nødkommunikasjon seier fleire tunnelar vil få naudnettet om Statens vegvesen bestiller det i framtida. Ho legg til at det vil koste pengar.

Samstundes har også direktoratet andre løysingar som gjer det mogleg for naudetatane å kommunisere i tunnelar.

– Radioterminalane som er fastmonterte i brannbilen kan fungere som ein forsterkar og gje dekning i område som ikkje har dekning frå det faste nettet, seier ho.

Berre fast samband

Sjølv om naudetatane kan samtale mellom terminalane som ein walkietalkie-funksjon, meiner ordføraren i Stryn at fast samband vil vere det einaste haldbare alternativet.

– Dersom det går ein buss eller fleire i ein tunnelvegg her og byrjar å brenne. Då har vi ein katastrofe. Då går det garantert menneskeliv, seier Flo.