Hopp til innhold

Må vente i fleire timar for å kome over Hemsedalsfjellet

Det er no om lag tre timar ventetid for å komme med i kolonnekøyringa på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Det vert no køyrde doble kolonnar for å få unna trafikkmengda.

Kø på Hemsedal

LANGE KØAR: Det er lange køar på begge sider av Hemsedalsfjellet. Det vert køyrd doble kolonnar for å ta unna køane.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Mange bilar ventar no ved bommen på Bjøberg på Hemsedalssida for å kome seg vestover, og det same er tilfellet på Lærdalssida.

– Men i frå Lærdal vert det no køyrd med styrt trafikkavvikling frå Borlaug og opp E16 til Filefjell. Dermed får vi teke av ein del trafikk austover, opplyser Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

NRK-reporter Runa Victoria Engen var ein av dei som stod lenge i kø for å kome med kolonnekøyringa over Hemsedal.

– Det var ein lang kø av bilar der og det pakka seg fort til. Men vi valde no å køyre over Filefjell i staden, fortel Engen til NRK.

Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen ber folk som ventar å kome med i kolonnene om å ta livet med ro og ikkje stresse.

– Vi har hatt eit tilfelle i kveld der ein gjekk ut av bilen og heldt på å bli treft av ein brøytebil. Folk må halde seg i bilane slik forholda er no, seier han til NRK.no.

Vind og uver i fjellet fører til ei rekkje stengde vegar og strekningar med kolonnekøyring i kveld. Nærare informasjon om dette finn du på NRK Trafikk sine sider.

Vegkamera Tyinosen

DET BLES OPP: Slik såg det ut på Tyinosen i retning mot Årdal klokka 13.18 fredag. Ei stund etter vart vegen stengd.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen
Kø Bjøberg

MANGE VENTAR: På Bjøberg i Hemsedal er det i kveld lange køar for å kome med kolonnene som køyrer over fjellet vestover.

Foto: Statens vegvesen