Mange sperra nok augo opp, då ein motorisert paraglider landa trygt midt i Balestrand sentrum ved 13-tida søndag.
Held fram utover veka
Men det var ingen James Bond som var på ferde - men fotograf Kjartan Andvik, som hadde vore på jobb og filma området frå lufta.
- Vi driv med ei filminnspeling til ein reiselivsserie til NRK, forklarer Andvik.
Sidan onsdag har han vore i sving med fotograferinga, som starta i Bergen og som skal halde fram utover denne veka.
- LES MEIR:
I strålande solskinn over Sogn må det vere reine draumejobben.
- Hehe. Det er heilt kanon. Kjempebra, smiler Andvik.
TV-serie om ekstremsport
Filminnspelinga over Sogn skjer i samanheng med ein reiselivsserie med ekstremsport, som skal sendast på NRK neste år.
Det er produksjonsselsapet Flash Studio som lagar TV-serien om ekstremsport i området rundt Sognefjorden.
I desse dagar er 25 personar involverte i opptaka. Dei følgjer 12 utøvarar, blant andre Lasse Kjus, som er sentrale i TV-serien.