Hopp til innhold

Elva trugar grunnen - lakseslakteri blir evakuert

Ei elv trugar no med å greve seg inn på Slakteriet AS avdeling Brekke i Instefjord i Gulen, og dei 30 tilsette er evakuerte.

Slakteriet AS i Instefjord

TRUGANDE ELV: Elva går flaumstor kloss i anlegget til Slakteriet AS.

Foto: Gøril Sætre

Dagleg leiar Kristin Bergstøl Hansen i Slakteriet AS seier til nrk.no at dei sende dei tilsette heim for å vere på den sikre sida.

– Elva som ligg veldig nær fabrikken vår har gått over breiddene sine og trugar no med å grave seg inn i grunnen under anlegget. For å vere trygge på at vi ikkje skulle få nokon kritisk situasjon med folk i anlegget så har vi evakuert.

– Det er ei elv som grev seg mot bygningen, og eigaren er redd for at elva skal grave vekk grunnen, seier vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen i Hordaland til bt.no .

Han seier at det er eigaren som sjølv har avgjort at bygningen skal evakuerast.

Brannvesenet på veg

Kristin Bergstøl Hansen seier at det er att eit par leiarar på anlegget for å fylgje situasjonen.

Brannvesenet i Gulen er no på veg til Instefjord.

Det er Slakteriet AS med hovudkontor i Florø som eig lakseslakteriet i Instefjord, det er om lag 30 tilsette der.

Les meir om Slakteriet AS i Instefjord i Fylkesleksikonet.