Hopp til innhold

Frykta fisken strauk med da ragnarokket kom – så kom forskarane ...

Sjølv om flaumen i Flåm var brutal og gjorde store materielle skader, har fisken i elva klart seg veldig bra. – Flaum er viktig for fisken, seier fiskebiolog og forskar Ulrich Pulg.

Created by InfoDispatcher

MYKJE FISK: Både laks og sjøaure ser ut til å ha klart seg godt i Flåmselvi, trass i flaumen for nokre veker sidan. Foto: Ulrich Pulg

– Vi var spente på korleis det gjekk med fisken etter flaumen i slutten av oktober. Og vi vart positivt overraska, seier Anders Fretheim.

Fretheim er økobonde i Flåm og medeigar i Flåmselvi.

Anders Fretheim i Flåm har stått i bresjen for cruiseprotestane.

GLADNYHENDE: Anders Fretheim er positivt overraska over kor mykje laks som er igjen i Flåmselvi etter flaumen.

Foto: Ole Andre Rekkedal

I helga har forskarar besøkt Flåm for å undersøke livet i elva etter flaumen for nokre veker sidan. Undersøkingane forskarane gjorde synte at storfisken i elva har klart seg godt, trass i den brutale naturkatastrofen i oktober.

– Det som vart klekt i vår har fått seg ein støyt. Men no er det over 200 gytelaks i elva, og det er bra, seier Fretheim.

– Ei glede i all elendet

Da flaumen rasa på sitt verste, var kreftene nesten ikkje til å tru, og Flåmselvi tok med seg fleire hus i flaumen. Etter ei tid med mange triste nyhende, meiner Fretheim dette er ein gladnyhende:

– Heile elva er jo omkalfatra, så det var sånn sett ei glede i all elendet, at fisken har kome frå det på eit vis, seier Fretheim, og forsett:

– Vi frykta at det hadde stroke med veldig mykje da vi såg det ragnaroket som kom, så det gjekk nesten ikkje an å tru at det gjekk så bra som det gjorde.

– Vi er veldig glade for det, for fisken betyr mykje for området. Det er klart at det bleiknar litt når folk skal berge liv og hus og heim, men det er no i alle fall bra at storfisken har klart seg.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Flaum - stranda laks

IKKJE LIKE HELDIG: Denne laksen stranda i eit tre etter flaumen i Lærdalselvi.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Har undersøkt livet i elvane

Ei gruppe forskarar frå Universitet i Bergen reiser no rundt og undersøker livet i elvene på Vestlandet.

– I Flåmselvi gjennomførte vi ei gytefisktelling, der vi dykka gjennom elva. Da fann vi 234 laks og 394 sjøaure, noko som var meir enn vi fann i fjor. Og det er ganske bra for Flåmselvi dei siste åra, seier fiskebiolog Ulrich Pulg, og legg til:

– Det tydar på at flaum ikkje ramma den vaksne fisken så hardt. Talet på ung fisk er redusert i forhold til tidlegare år, så flaumen har gått utover den unge fisken. Men viss den vaksne gytelaksen no får gyte i fred, så får det nok vere ganske gode forhold i åra framover.

Flaum er viktig for fisken

Pulg seier at sjølv om flaum er ei katastrofe for menneska og materielle verdiar på land, så er flaum faktisk naudsynt for store deler av livet i vatnet.

– Fisken er jo laga for å leve i vatn. Og faktisk er det mykje verre for fisken om ein ikkje har flaum. I elver som er sterkt regulert har vi ofte problem, for elvene gror att og fisken manglar gyteplassar og skjul. Av og til er det viktig å ha flaum, seier fiskebiologen.

No framover skal forskarane frå Uni Miljø LFI samarbeide med NVE, slik at ein også kan ha omsyn til miljøet under oppryddingsarbeidet etter flaumen.

– Det er viktig at hovudgyteplassar ikkje vert øydelagde og at elva vert utforma på ein miljøvenleg måte. Dette er er i tråd med flaumsikring av busetnad, vegar og jarnbane, viss ein gjer det på rett måte, avsluttar Pulg.