Hopp til innhold

Desse hola må vel kunne ta unna vatnet?

Ein mur på Nordfjordeid har skapt flaumfrykt blant innbyggarane. Men no kan kanskje frykta få kvile litt, for no vert muren utbetra kraftig.

Nytt firkanta hol i muren som går langs fjorden i Nordfjordeid sentrum
Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Førre veke skreiv NRK om muren som går langs Nordfjordeid sentrum. Muren skal hindre oversvømming og stenge vatnet ute. Langs den nedre kanten finst det fleire hol i muren, slik at vatnet kan drive ut om det først kjem på land.

Problemet er berre at hola er så små og få at dei ikkje får tatt unna vatnet.

Men no er det sett i gang arbeid med å gjere desse hola betre og større og meir kapabel til å få vatnet vekk – om det først slår over kanten.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Hola i muren på Nordfjordeid før og etter

FØR OG ETTER: Muren, før og etter. No arbeidar kommunen med å få større hol som kan ta vatnet unna.

Foto: Montasje: Steinar Lote og Ole André Rekkedal / NRK


Utbetrar hola i muren

– No er arbeidet starta på, og det blir gjort unna så fort som det let seg gjere, seier driftssjef i Eid kommune, Tore Nyhammer-Taklo.

Teknisk sjef i Eid kommune, Tore Nyhammer-Taklo, beklagar

UTBETRAR HOLA: Driftssjef i Eid kommune, Tore Nyhammer-Taklo, fortel at kommunen no utbetrar hola i muren.

Foto: Steinar Lote / NRK

Han fortel at arbeidet med å utbetre hola i muren vart starta på førre veke.

– Vil desse hola vere gode nok om flaumen eller springfloa kjem?

– Vi kan aldri garantere oss mot ein ny Dagmar, uansett om vi har hol i muren eller ikkje. Men med desse hola kan vi sørgje for at vatnet skal strøyme ut i fjorden igjen i staden for å halde seg inne i sentrum, seier Nyhammer-Taklo.

Håpar det er riktig løysing

Ernst Husevåg, som bur på Nordfjordeid, melde ifrå til kommunen om at hola i muren ikkje gjorde jobben sin. Han har rista på hovudet i ti år over den ubrukelege muren, men er glad for at kommunen endeleg har innsett alvoret.

Ernst Husevåg i Nordfjordeid er ikkje nøgd med muren som er sett opp langs fjorden

GLAD: Ernst Husevåg på Nordfjordeid er glad for at kommunen no arbeider med å utbetre muren.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er positivt at det skjer noko, og at dei har sett alvoret. Det er berre det at dei må vere sikre på at dei veit kva dei gjer. Eg håpar inderleg at det er riktig løysing dei har valt, og at dei har snakka med entreprenørar som verkeleg veit kva som vil fungere.

Etter at han, saman med naboen Jacob Henden, stilte opp eit intervju med NRK der dei synte fram hola i muren, har Husevåg fått mange positive reaksjonar frå folk som også har reagert på muren.

Han trur det er naudsynt at folk ikkje gjer seg i møte med kommunen, og at ein må halde på sitt sjølv om det tar tid.

– Dette hadde nok ikkje skjedd om ikkje eg tok fatt i det. Det var eg som tok det opp no sist når springfloa kom, og da hadde kommunen gløymt heile greia, sjølv om dei hadde lova å ta fatt i det for over eitt år sidan.

– No håpar eg berre dei veit at det vil halde denne gongen.

Ein mur langs fjorden skal hindre oversvømming, men når sjøvannet slår over muren blir atnet stengt inne på land. Lokalbefolkinga på Nordfjordeid fryktar neste flaum.