Hopp til innhold

Lagar ny naturfilm frå Nordfjord

Iver Heen Ask (21) har vore rundt i alle kommunane i Nordfjord og teke meir enn 200.000 bilete. No er han i innspurten for å sette saman bileta til film.

Iver Heen Ask

VISER FRAM: Iver Heen Ask viser stolt fram eit av motiva frå filmen

Foto: Elias Engevik / NRK

Loen om natta

EIT AV MANGE VAKRE MOTIV: Oppstryn er berre eit av mange motiv frå filmen.

Foto: Iver Heen Ask / Prosjekt Nordfjord

– Når eg tar opp stjerner på film, brukar eg to timar på å ta opp 10 sekund, forklarar 21-åringen.

I 2013 laga Iver Heen Ask «Prosjekt Gloppen», ein naturfilm frå heimkommunen. Etter å ha vist filmen på kino og på lokale filmfestivalar med gode tilbakemeldingar, fekk han meirsmak til å fortsette. No er han klar med «Prosjekt Nordfjord».

200.000 bilete

På nyåret 2014 bestemte han seg for å lage ein ny naturfilm, denne gongen med bilete frå heile Nordfjord. Då var det tilbake i telt og lange netter bak kameraet.

Med over 200.000 bilete, og 10 timar med video er det eit stort prosjekt i seg sjølv å sette det saman til ein film – også kalla «timelapse».

– Det vert mykje bering av utstyr, og når eg har sett kamera på, må eg vente i ganske mange timar før eg pakkar saman og reiser heim att, fortel den ivrige fotografen.

Dette vert ein poetisk dokumentar som skal vise alle dei sju kommunane i regionen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjå filmtraileren:

Variert landskap

Frå Kråkenes heilt i nordvest, til Stryn inst i fjorden får vi sjå eit breitt spekter av variert natur. Med eit budsjett på 160 000 har Heen Ask vore rundt i heile Nordfjord for å ta bilete og videoar med dei mest utrulege motiv.

– Vi har eit veldig variert landskap, så det har vore viktig å kome seg rundt for å besøke alle kommunane. Det er heilt enormt kor mykje det kan variere innafor ein kommune, men det er også spesielt å sjå variasjonane mellom kysten og innlandet, fortel han.

Han har også hatt mange fjellturar der han har prøvd å dekke dei største og mest karakteristiske toppane Nordfjord har å by på.

Vil leve av film

Filmskaparen driv medieverksemd på fulltid og satsar på å kunne leve av dette i framtida.

– Det som er målet mitt er å kunne leve av dette, av å drive mediebedrift, men også det kunstneriske, det å kunne treffe folk sine kjensler gjennom filmen, seier han.

No er det berre klipinga som står att før filmen vert vist på kino i heile Nordfjord i november.

Sjå den førre filmen til Iver Heen Ask, «Prosjekt Gloppen»:

Prosjekt Gloppen - produsert og regissert av Iver Heen Ask og Sondre Utheim.