Hopp til innhold

No skal det lagast kunstdokumentar frå Harastølen

Regissør Therese Jacobsen lagar kunstdokumentar frå Harastølen, også kjent som Lyster Sanatorium. Med utgangspunkt i fem av romma i det 5000 kvadratmeter store bygget, skal ho fortelje fem historier.

Harastølen

NEDFALLS: Bygget på Harastølen ber preg av fleire tiår utan nemneverdig vedlikehald.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Her har eg lyst til å lage ein kunstdokumentar. Ein film som skal dokumentere menneska som har budd i desse romma på Harastølen, seier Jacobsen.

Ho har tidlegar regissert mange prisvinnande kortfilmar, mellom anna Nain, og har køynsle frå kunstfeltet. Produsent Maria Ekerhovd er ei av landets mest aktive produsentar med lang erfaring.

Harastølen, eller Lyster Sanatorium, som det heitte då det vart opna 2. november 1902, er eit digert mursteinsbygg som ligg høgt over Lustrafjorden. Sanatoriet vart bygd av St. Jørgens Stiftelse i Bergen, og skulle tene som tuberkulosesjukehus for Vestlandet.

Var vanskeleg å velje

I den seinare tid har Harastølen vore mykje framme i media fordi fleire ønskjer å rive den 111 år gamle bygningen, medan andre har ønskje om å få til ny drift der.

Bygget er eigd av Tinfos. Ekteparet Barbro og Morten Solem ønskte å overta bygningsmassen på Harastølen, men Tinfos sette for ein månad sidan ned foten, då dei ikkje har fått dokumentasjon som dei meiner er naudsynt.

Dermed ligg det an til at Harastølen vil bli rive. Tinfos har ei avtale med Luster kommune om dette, og slik det ser ut no, vil det truleg bli jobba vidare med desse planane.

Jacobsen valde å avgrense seg til fem rom, og så fortel ho ei historie frå kvart av dei.

– Det var ikkje lett å velje, for det er så mange rom, og så uendeleg mykje å fortelje. Eg kunne ha laga ein lang, lang film, seier Jacobsen.

Éi av historiene ho skal fortelje, er frå tuberkulose-epoken.

– I 1942 vart alle jødar i Bergen innkalla til Bergen politikammer for å bli registrert. Dei fleste forstod at det ikkje var spesielt gunstig, og mange hadde allereie flykta. Jøden Isak fann ut at han skulle dra til Luster og gøyme seg på sanatoriet, fortel Jacobsen.

Isak vart innlagd på Luster sanatorium som tuberkulosepasient. Det vart skrive journal på han. Tyskarane var oppe fleire gonger, men Isak vart då innsmurd i blod, for at dei ikkje skulle ta han med seg.

– Tyskarane var livredde for smitte. Den falske journalen og det spelet mellom bygda, legane og sanatoriet redda livet til Isak, fortel Jacobsen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Harastølen forfell

Harastølen forfell

Kom over det heilt tilfeldig

At Jacobsen vart interessert i staden, skjedde litt tilfeldig. Ho var på biltur langs Lustrafjorden, og passerte det gamle taubanehuset, som ligg rett ved vegen.

– Vi lurte på kor den førte hen, og fekk så fortalt ein del om bygninga. På folkemunne seier dei at det spøkjer der oppe, og historiene var mange, seier Jacobsen.

Dette gjorde at ho fekk lyst til å finne ut meir om kva som hadde gått føre seg på Harastølen. Seinare såg ho tilfeldigvis eitt innslag på Vestlandsrevyen som handla om dei buddhistiske munkane som var på synfaring i området, med tanke på å etablere eit kloster der.

Jacobsen hadde på det tidspunktet sett seg litt inn i historia til det markante bygget frå 1902.

Ho hadde fått kjennskap til at bygningane først fungerte som tuberkulosesjukehus, før det vart nytta som sjukehus for menneske med sinnslidingar.

Meiner bygget er fullt av kontrastar

Seinare vart Harastølen også brukt som asylmottak, eit prosjekt som gjekk heller dårleg, då mange av dei som var der, kjende seg så isolerte at dei rett og slett ikkje ville vere der.

– Det er mange menneskeskjebnar her. Tuberkulose er ein folkesjukdom. Mellom 1888 og 1955 tok sjukdommen livet av ein kvart million nordmenn. Så her er det mykje tragedie, men samtidig snakka denne munken om roa og harmonien som kviler på plassen, seier Jacobsen.

Og nettopp kontrastar meiner ho er kjenneteikn ved Harastølen.

– Det er så vakkert, men det ligg også mykje skjult der, seier Jacobsen.

Ho landa til slutt på at ho ønskte å lage ein kunstdokumentar.

– I fjor fekk eg høyre at Harastølen skulle rivast. Eg hadde halde på ei god stund med å skrive manus til ein spelefilm, og hadde gjort mykje research på historia og bygningen. Då tenkte eg at vi måtte handle raskt, seier Jacobsen.

Det vart viktig for henne å dokumentere historia til bygget før han vart jamna med jorda.

  • LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under videoen)

Norwegian Ghost Hunters vitja Harastølen tysdag 2. oktober. I 3. etasje filma dei fottrinn frå etasjen over.

Spøkelsesjakt på Harastølen

Følte bygninga snakka til henne

Ho var på synfaring på eigedommen, og fekk kjensla av at bygningen snakka til henne.

– Du kunne gå inn i romma og berre stå der. Historia sit i veggene. Ting låg att på golvet, medisinsk utstyr, leiker og klede. Historier vart danna medan eg var der, seier Jacobsen.

Ho har bakgrunn innanfor biletkunst med videokunst, videoinstallasjonar og eksperimentell-filmar.

– Luster sanatorium vart opna i 1902, og vart drive fram til 1994, det avslutta som asylmottak for bosniarar. Det er eit Norge i miniatyr, det representerer landet vårt i forhold til haldningar, til dømes det å isolere flyktningar der i lang tid, seier Jacobsen.

Ferdig til neste år

Ho peikar også kva haldningar som vart synt i høve dei som var innlagde medan Harastølen vart nytta som psykiatri-sjukehus
i tida 1959 til 1991.

– Tuberkulose var i byrjinga forbunde med skam. Det er sikkert fleire årsaker til at ein isolerte dei på ei fjellhylle langt vekk frå bygd og by. I utgangspunktet var det jo tanken at det var gunstig klima der oppe, seier Jacobsen.

Mer film A og regissør Jacobsen er tildelt 650.000 kroner i produksjonstilskot til dokumentaren "Sanatoriet". Totalbudsjetter ligg på 1.268.000 kroner. Opptakstart er sett til vinteren 2013/2014, og venta premiere er hausten 2014.