Hopp til innhold

Alfred Bamse skal finne ut meir om kva som skjer på sjukehuset

Kva er det eigentleg som skjer på eit sjukehus? Då teddybjørnen Alfred Bamse fekk flis i fingeren vart han nysgjerrig. Snart kjem barneboka der «kosologen» Alfred Bamse har funne ut meir om livet på sjukehuset.

Alfred Bamse på sjukehuset

OPERASJONSFRAKK: Alfred Bamse får vere med på det meste når han no er på besøk på sjukehusa i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

Den vesle teddybjørnen Alfred Bamse si oppdagingsferd på oljeplattformene offshore har gitt meirsmak til forfattar Kurt Rutledal frå Bulandet.

No er han i gang med si andre bok. Denne gongen besøkjer Alfred Bamse sjukehusa i Sogn og Fjordane. Her har han fått møte alt frå legar og sjukesøstrer, til portørar og sjukehuset sine eigne snikkarar.

- Eit sjukehus er ein heilt fabrikk som skal haldast ved like. Det er ei rekkje forskjellige yrkesgrupper, seier Rutledal.

- Så Alfred Bamse får møte alt frå portørar til direktørar?

- Portørar har han møtt allereie, og direktørane skal også til pers når Alfred Bamse kjem på besøk, humrar forfattaren.

- Har vore tre dagar på sjukehuset

Kurt Rutledal og Alfred Bamse

NY BOK: Forfattar Kurt Rutledal arbeider no med ei ny bok der teddybjørnen Alfred Bamse er hovudperson. Denne gongen handlar boka om livet på sjukehusa.

Foto: Privat

I oktober vart den første barneboka med teddybjørnen Alfred Bamse lansert. Her reiste Alfred Bamse offshore, og fortalde om livet på oljeplattformene langs kysten.

Av dei 3000 bøkene som vart trykt opp, er det no vel 500 att.

- Det er den første boka mi, men forlaget Selja seier det er bra, så då trur eg på det, seier Rutledal.

Sjølv fekk forfattaren meirsmak av bokskrivinga. Alfred Bamse var heller ikkje tung å be då Rutledal ville lage ei ny bok, denne gongen om livet på sjukehusa.

- No har vi vore tre dagar på besøk på sjukehuset i Førde. Seinare skal vi til sjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid, seier Rutledal.

Fekk sjå operasjonsstova

Og det er ikkje reint lite den vesle teddybjørnen får oppleve på si oppdagingsferd på sjukehuset. Han får besøkje nær alle avdelingane og snakke med mange av dei som jobbar der.

- Vi har møtt legar, sjukesøster, portørar, snikkarar, malarar, reinhaldarar, husøkonomen, sjukehuspresten, bibliotekaren og mange fleire, røpar Rutledal.

Alfred Bamse har blitt trilla rundt i rullestol, fått bandasjert beinet, blitt røntgenfotografert og vore på besøk på operasjonsstova.

- Ei bok som vil passe for alle

Boka som endå ikkje har fått tittel vil ha mange bilete.

- Det er ein barnebok, men og ei slags opplysningsbok. Eg trur boka vil passe for alle, men den er i hovudsak meint for elevar i barneskulen, seier Rutledal.

Alfred Bamse og Rutledal har no nokre dagar fri, før dei igjen skal besøke sjukehusa for å lære meir.