Hopp til innhold

Annette Gil med musikkvideo frå heimkommunen Vågsøy

Annette Gil frå Måløy er ute med si første soloplate. Musikkvideoen til låta «This Train» har ho spelt inn i Vågsøy.

Låta blei til etter at ho såg ein italiensk skrekkfilm ifrå 1982.

Etter 10 år som frontkvinne, vokalist og låtskrivar i bandet Seven, skal Annette Gil frå Måløy no prøve seg som soloartist.

Hennar fyrste plate, Desert Disco, kjem ut i desse dagar.

– Det er med skrekkblanda fryd, men det er veldig kjekt altså. Det er litt skummelt å plutseleg stå på eigne bein, seier Gil om det å vere soloartist.

Busstur i Måløy

Musikkvideoen blei spelt inn i Måløy i påska.

– Eg har alltid hatt lyst til å lage musikkvideo i Måløy, fortel Gil.

For å lage musikkvideo måtte ho ha med seg ein heil gjeng.

– Det krev eit heilt team. Eg må jo ha med meg nokon som kan lage den filmen og. Vi hadde med ein buss som vi fekk låne. Vi begynte på torget og køyrde til både Kråkeneset og Kandesteinen og filma ein heil gjeng, fortel ho.

På bussen stod det «anywhere», som og er eit av orda Gil syng i songen.

– Videoen er litt science-fiction blanda med masse fantastisk natur og litt rare folk.

«Gilibers»

– Eg har jo vore i bransjen ei stund, men då har eg hatt eit band med meg som eg kan lene meg til. Eg har jo band med meg på scena, men det blir ikkje på same måten, seier Gil.

Ho har fått terningkast fire i Aftenposten og fem i magasinet Gaffa. Det er ho godt nøgd med. Terningkast seks sparar ho til neste plate.

– Då har eg litt å strekkje meg etter, ler ho.

– Eg har fått veldig god mottaking. Eg har fått både festivalar og gode tilbakemeldingar får både vener og folk eg ikkje kjenner. Eg har fått Gilibers. Det er ikkje verst, seier Gil.

Skrekkfilminpirasjon

Ho er og blitt inspirert av gamle italienske skrekkfilmar med sin spesielle synth-musikk.

– Eg har alltid vore oppteken av å både danse og rocke samtidig. Så det er vel ei blanding av rock og disco, fortel ho.

For når ho laga låtane passa ho og på at dei var dansbare.

– Rytmen må vere riktig. Eg ville ha stemninga frå spaghetti-western-filmane og blande det inn i det dansemusikken.

Musikkarrieren si starta ho allereie i Måløy. Då var ho med i ulike talentkonkurransar.

– Eg og ei venninne hadde ein duo som heitte Pink Tomato, sidan den gong har det berre balla på seg. Eg har nok heldt på sidan eg var 13 år gamal, fortel ho.

Får bestemme

– Då eg var med i Seven var dei fleire som skulle meine ting om både låtar og korleis det skal høyrast ut. Med soloprosjektet mitt er det eg som bestemmer alt. Eg er åleine om det, men eg har fantastiske folk som hjelper meg som igjen får ut dei musikalske ideane mine.