Hopp til innhold

Silje var så fascinert av kunstnar frå heimbygda at ho lagde dokumentarfilm

Gjennom heile barndommen har Silje Undal (20) sett korleis ei ung kvinne får heimbygda har jobba seg opp som kunstar. No har Undal laga dokumentarfilm om Frøydis Aarseth.

Silje Undal frå Naustdal har laga dokumentarfilm om Frøydis Aarseth, eit ungt kunstnartalent frå heimbygda,

EIT KLASSISK TALENT: Heiter dokumentarfilmen om Frøydis Aarseth, ein ung kunstnar frå Naustdal i Sunnfjord.

– Eg har følgd ho opp gjennom åra, og eg har brunne for å få fortelje om ho til andre, seier Silje Undal.

Ho er student på Noroff i Bergen, og saman med to bergensarar har ho laga ein portrettdokumentar om den unge kunstnaren Frøydis Aarseth (27) frå Naustdal.

Aarseth er frå Vevring og er no etablert som klassisk figurativ kunstnar i Bergen, der ho har eige atelier og kunstskule i Sandviken. Allereie som 19-åring reiste ho til Italia for å gå på The Florence Academy of Art i Firenze, før ho seinare var elev hos den verdskjende kunstnaren Odd Nerdrum.

I filmen fortel den unge kunstnaren også om draumen om å kunne leve av kunsten.

– Frøydis er ein veldig spennande person. Ho er ein dyktig kunstnar, og vi synest det var spennande å la ho fortelje meir om seg sjølv, slik at folk ikkje berre kjenner ho gjennom kunsten, seier Undal.

Aarseth går i dokumentaren også i djupna på nokre av måleria sine, der ho fortel om kor ho har henta inspirasjonen frå. Ho fortel også om kor ho hentar motivasjonen frå til å satse på ei karriere som kunstnar.

– Ho har jobba veldig hardt med kunsten, og det er fascinerande å sjå korleis ho har nådd måla sine, seier filmskapar Undal.

Ho har stått for regi og produksjon, medan Aleksander Sørhaug har hatt ansvar for foto, og Anton Hanson for klipp.