Hopp til innhold

Lærer norsk ved å fortelje sine historier

FØRDE (NRK): Korleis kan ein fortelje om erfaringar frå eit anna land på eit nytt språk? Det har ein det siste året arbeidd med på Førde bibliotek.

Erna Osland og Zainab Hari Taher Issa

NORSKLÆRAR OG FORFATTAR: Erna Osland og Zainab Hari Taher Issa diskuterer teksten Issa har skrive om ulike ord for sand i Sahara.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg vil snakke norsk, og bli god i det, seier Zainab Hari Taher Issa.

Issa er opphavleg frå Sudan, men har budd i Noreg dei siste fire åra. I tillegg til å gå på norskkurs jobbar ho i barnehage.

– Å kunne norsk er nøkkelen for å klare seg i Noreg, seier ho.

Saman med dei andre deltakarane på kurset «Mangfald i nynorskens skog» ved Førde bibliotek, skriv ho om erfaringane frå heimlandet sitt, og det å kome til eit nytt.

Målkafé

marie dombestein

KURSANSVARLEG: Tidlegare biblioteksjef ved Førde bibliotek Marie Dombestein.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Deltakarane har sidan februar vore samla på biblioteket for å øve seg på å snakke og skrive norsk.

– Vi starta opp med målkafear for flyktningar som går på norskkurs der dei blei introduserte for nynorske dikt, eventyr og folkesongar, seier tidlegare biblioteksjef Marie Dombestein.

Ho er ansvarleg for prosjektet, og seier at ein viktig del av kurset er at deltakarane får tilbod om ein møteplass for kulturutveksling

– Arbeidsinnvandrarar og flyktningar kjem til Noreg med sin eigen, rike kulturarv. Gjennom dette prosjektet får dei ein stad å dele forteljingane sine og halde på med skapande skriving, seier ho.

Korleis kan ein fortelje om erfaringar frå eit anna land på eit nytt språk? Det har ein det siste året arbeidd med på Førde bibliotek.

DET NYE LANDET: Kursdeltakarane skriv tekstar om erfaringane dei har med å flytte til eit nytt land. Foto/redigering: Arne Stubhaug/Borgar Sagbakken/Randi Indrebø

Det nye landet

Kursdeltakarane har skrive tekstar med temaet «det nye landet», og då om erfaringane dei har med å flytte til Noreg. Med seg som rettleiar har dei forfattaren og norsklæraren Erna Osland.

Ho er imponert nivået på tekstane.

– Det overraskar meg eigentleg kor mykje dei klarer å uttrykke med eit enkelt språk, seier ho.

– Det enkle språket kan bli komplekst ved at ein utnyttar det enkle. Slik kan ein få eit relativt enkelt norsk språk til å likevel bli ein god reiskap for det ein tenker og føler, seier ho.

Prosjektet har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket, og målet er å trykke opp tekstane i ei bok.