Hopp til innhold

Lærdal har fått tilbake summetonen

Telestasjonen i Lærdal brann ned til grunnen under storbrannen for litt over eitt år sidan. No er eit nytt permanent bygg på plass i bygda.

Strøm og mobiltrøbbel i Lærdal

BLIR ERSTATTA: Eitt år etter storbrannen har Telenor sett opp eit nytt telebygg, som skal erstatte dei mellombelse containerløysingane som vart sett inn etter brannen.

Foto: Marius Arnesen / NRK

I natt var kommunen igjen utan telefon medan Telenor kopla opp det nye sambandet.

– Både internett, mobil og breiband kom igjen om lag klokka seks i morgon tidleg, ein times tid før planlagt, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Har fått permanent løysing

Sidan brannen har Lærdal levd med ei mellombels løysing for all telekommunikasjon. Den mellombels containerløysinga vart sett opp rett ved brannstasjonen like etter brannen.

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge

ALT PÅ STELL: Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor, seier all infrastruktur no er tilbake slik den var før brannen.

Foto: Telenor

No er det kome opp eit nytt hus med ein ny sentral, og i natt vart trafikken flytta over på det permanente telebygget.

– All trafikk er ruta tilbake på dei fibertraseane og det utstyret vi hadde før brannen starta, slik at infrastrukturen no er tilbake slik den var før brannen, seier Amundsen.

Kan puste letta ut

I går hadde Lærdal kommune sett i verk ei rekke tiltak for å kunne takle eventuelle naudsituasjonar den tida telekommunikasjonen var nede.

I går sa ordførar Jan Geir Solheim at dei tok situasjonen på alvor, men var oppteken av å tone ned dramatikken i det heile.

– Det at vi har blitt så avhengige av telefonnettet er ein tankevekkar, men vi skal ikkje overdramatisere heller. Det er trass alt snakk om ein periode på åtte timar, seier han.

No kan bygda puste letta ut over at dei no har fått på plass ei permanent løysing.