Hopp til innhold

Lærarstreiken går utover helsa til dei mest sårbare elevane, meiner rektoren

Lærarstreiken går på helsa laus for elevar med behov for spesialundervisning. Rektoren ved Hafstad vidaregåande skule er uroa.

Grethe Øren

PÅ HELSA LAUS: Rektor ved Hafstad vidaregåande skule, Grethe Øren, meiner lærarstreiken går ut over helsa til dei mest sårbare elevane. (Elevane på biletet har ikkje noko med denne artikkelen å gjere)

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Streiken går utover helsa til dei mest sårbare elevane. Det seier rektor Grethe Øren ved Hafstad vidaregåande skule.

Aldri før har skulen hatt så mange som har krav på spesialundervisning, og no er rektoren redd at den dårlege starten på skuleåret går på helsa laus.

– Eg fryktar for helsa til mange av elevane. Både psykiske og fysiske helsa, seier rektoren.

50 treng spesialundervisning

Fleire hundre elevar møter til skulestart utan kontaktlærar, utan timeplan og den hjelp og støtte dei har krav på medan lærarstreiken går føre seg.

Ved Hafstad vidaregåande skule har dei rundt 50 elevar som i større eller mindre grad treng spesielt tilrettelagt undervisning. Men det får dei ikkje, seier Øren.

– Dei vil kunne oppleve at dei ikkje lukkast med skulestart. Og det er sjølvsagt ei dårleg kjensle å ha. Det er nok vanskeleg å takle, og grunnen til det er blant anna at vi ikkje har eit forsvarleg opplegg rundt dei, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Over 1.000 lærarar samla i Førde

STREIKEMARKERING: Rundt 1500 lærarar møtte opp til streikemarkering i Førde på tysdag. Det kom lærarar frå heile Sogn og Fjordane for å støtte opp om markeringa.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Registrerer konsekvensane

Til saman streikar 7.800 lærarar i landet og 164 lærarar i Sogn og Fjordane. Rektorane ved dei vidaregåande skulane i Førde har ikkje fått gjort enkeltvedtak som gjeld kvar elev som treng tilrettelagt undervisning, og planlegginga av oppstarten er heller ikkje gjort.

No blir konsekvensane rapportert inn til Undervisningsdirektoratet, seier utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter.

– Fylkesmannen ved utdanningsavdelinga har fått i oppdrag frå utdanningsdirektoratet å rapportere kvar veke det vi opplever som konsekvensar av streiken. Det kan gjelde både tilbod til elevane og det som lærarane eventuell skulle deltatt på av kompetanseutvikling, seier Krogsæter.

Ho forklarar at dei ikkje har noko særskild rolle utanom å registrere kva skuleeigar vurderer som konsekvensar av streiken.

– Så vi hentar inn informasjon frå dei skuleeigarane og dei rektorane som har lærarar i streik og vi rapporterer det, forklarar Krogsæter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærarstreik Hafstad vidaregåande

STREIKAR: Dei fleste lærarane ved Hafstad vidaregåande skule har vore ute i streik sidan før skulestart.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Får ikkje tilbod dei har krav på

Ved Hafstad vidaregåande skule har rektor Grete Øren søkt om 18 dispensasjonar frå streiken, men berre fått innvilga 10.

– Eg trur nok at dei fleste har det ganske greitt, men dei får ikkje det tilbodet dei har krav på, og det uroar. Dei får ikkje samtalane dei skulle hatt eller den ekstraundervisninga dei skulle hatt, så dei får ein veldig dårleg start, seier Øren.

Rektoren fortel om tolmodige foreldre og elevar som dei prøver å hjelpe så langt dei kan.

– Vi snakkar med mange elevar og forklarar situasjonen for dei. Vi er i kontakt med foreldre og støtteapparat, så vi prøver å hjelpe til på den måten, fortel Øren.

– Må de tilkalle profesjonell hjelp for å få gitt ein del av dei det dei trenger mest av alt?

Nei, ikkje anna enn dei vi har på huset av helsesøster og psykolog, og dei brukar vi, seier rektoren.

– Utdanningsdirektoratet har merka seg at skuleeigarar og skular i sine tilbakemeldingar viser aukande uro for at streiken rammar dei mest sårbare gruppene av elevar, seier divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Annemarie Bechmann Hansen til NRK.