Hopp til innhold

Laber effekt av Earth Hour

Kraftselskapa rapporterer om minimal nedgang i straumforbruket laurdag kveld.

Earth Hour

FÅ SLØKTE LYSET: Tal frå kraftselskapa i Sogn og Fjordane syner at få av oss sparte på straumen mellom klokka 20.30 og 21.30 laurdag kveld.

Foto: Steffen Granberg

Den såkalla Earth Hour hadde liten effekt i Sogn og Fjordane. Medan folk vart oppmoda om å skru av alt lys mellom klokka 20.30 og 21.30 laurdag kveld, var det få som tok utfordringa.

For det var svært så lite nedgang i straumforbruket den aktuelle timen.

- Det var ikkje så veldig mykje. Det var omtrent ein halv prosent nedgang i høve veka før, fortel Berit Larsen i Sognekraft.

- Berre symbolhandling

Kommunalminister Liv Signe Navarsete oppfordra alle norske kommunar til å delta i Earth Hour-aksjonen. At responsen var dårleg i heimfylket, forklarer ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal slik:

- Eg trur gjerne at denne typen kampanje har noko føre seg den første gongen. Og kva gjer eigentleg ein time ein gong i året frå eller til - det er berre ei symbolhandling, seier han.

Gløymde heile Earth Hour

NRK har snakka med fleire personar om kva dei gjorde mellom klokka 20.30 og 21.30 laurdag kveld.

Dei fleste har gløymt at det i det heile teke var Earth Hour.

- Eg sat sikkert og las avisa. Med lyset på, humrar ei kvinne på gata.

- Eg stod på badet med rettetang, og førebudde meg på å gå ut, ler ei anna.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.