Hopp til innhold

Etter 52 år har Epos lagt ut på siste tokt

Gjennom 52 år har «Epos» segla innom krikar og krokar i Sogn og Fjordane. I dag la bokbåten ut på si siste reis i Sogn og Fjordane.

Etter 50 år, og uttallelege diskusjonar om nedlegging, la bokbåten Epos i ut på sin siste tur i Sogn og Fjordane i dag. Det blei ein vedmodig dag for mange.

SJÅ VIDEO: Epos la i dag ut på siste tokt i Sogn og Fjordane. (FOTO/REDIGERING: ARNE STUBHAUG/NRK)

Sogn og Fjordane fylkeskommune må kutte opp mot 120 millionar kroner i drifta. 1,3 millionar av desse fann fylkespolitikarane ved å kutte bokbåten Epos.

– Det er jo vemodig og synd at pengane styrer. Vi har hatt auka utlån siste året og fylkespolitikarane har evaluert ordninga og meiner den skal halde fram, seier Ingrid Dræge.

Spesiell dag

I dag vart båten fylt med 6.000 bøker før den la frå kai. Dei neste to vekene skal den innom 42 stader i Sogn og Fjordane. Og det for siste gong.

Også for skipper Svein Ivar Vinnes blir det ein spesiell tur. I framtida blir det berre innbyggjarar i Hordaland og Møre og Romsdal som får nyte godt av tilbodet.

– Det blir litt rart å komme ut i distrikta og sjå reaksjonane, men det er ikkje noko vi kan gjere noko med no, seier han.