Hopp til innhold

Kystmuseet rotnar på rot

Ei frustrert Berit Høyvik sler alarm over tilstanden til Kystmuseet i Florø.

Kystmuseet i Flora
Foto: Steinar Lote / NRK

I dagens Firda fortel musesumsdirektøren om omfattande rustskader, ein grunnmur som bikkar ut mot sjøen og vassinntrenging.

Skadane har vore kjende lenge, men ingen veit når vedlikehaldsarbeidet kan ta til. Så lenge ingenting blir gjort, fryktar Berit Høyvik at både skadane og rekninga vil auke.

– Vi har fått fem millionar til tiltaket frå fylkeskommunen, men dei får vi ikkje utbetalt før vedlikehaldsarbeidet er fullfinansiert, samstundes som staten har redusert løyvingane til slike tiltak, seier ho til avisa.

Nytt i Førde, forvitrar i Florø

Museet har bede om å få bruke noko av pengane til å leige inn byggteknisk kompetanse som kan kartlegge situasjonen og eventuelle tiltak.

– Men så langt har vi ikkje fått lov, seier ho til avisa og ser ironien i eit nytt museumsbygg i Førde, medan det vel 25 år gamle museet i kystbyen er i ferd med å rotne på rot.

– Det er vel kjekkare å opne nybygg enn å halde ved like alt som finst, seier ho.

– Noko skal gjerast

Fylkeskulturdirektør Ingebjørg Erikstad seier til avisa at ho er kjend med situasjonen og at fylkesutvalet i september skal ta stilling til ein søknad på 500 000 kroner til eit forprosjekt.

– Noko må og skal gjerast for å ta vare på Kystmuseet. Det er vi heilt klare på, men noko dato eller eksakt tidsfrist kan eg ikkje gje, seier ho til avisa.