Nye tal frå Statens vegvesen viser at både Stigedalen og ferjesambandet Anda-Lote på E39 har ein tydeleg nedgang i trafikken. Samtidig aukar trafikken over Utvikfjellet.
Svein Sunde i lobbyorganisasjonen Gode Vegar meiner dette styrkar moglegheitene for at ei bru over Nordfjorden kjem nær Stryn.
– Det er klart dette er positivt for oss som arbeider for bru i indre, seier Sunde til NRK.no
Er positivt overraska
Trafikktala frå Statens vegvesen viser at trafikkmønsteret i Nordfjord har endra seg. Utvikfjellet har ein auke på over 250 bilar, eller vel 20 prosent samanlikna med september i fjor.
E39 over Stigedalen har samtidig ein betydeleg nedgang, på 30 prosent i heile år. Også ferjesambandet Anda-Lote har mindre trafikk i september enn tidlegare.
– Vi har sett denne utviklinga sidan Kvivsvegen opna, og det var også venta at ein fekk ei omlegging av trafikken. At dette skulle bli så markert så fort, det er vi positivt overraska over, seier Sunde.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har framleis trua på bru Anda-Lote
Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, kjempar for at ei bru skal erstatte ferje på Anda-Lote. Han fryktar ikkje at trafikkendringa skal påverke kor brua vert bygd.
– Det same vil skje om ein får eit fast samband over Anda-Lote. Alt tyder på at det då blir meir trafikk på Anda-Lote igjen, seier han.
Sunde har på si ei anna oppfatning.
– Det er ikkje det analysane viser, dei viser at blir det bru Anda-Lote, så ville det bli mindre trafikk der enn på ei bru i indre. Slik eg vurderer desse tala, så styrkar dei vår argumentasjon.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: