Hopp til innhold

Fekk beskjed om å dra frå staden, men lydde ikkje - då måtte ho i arresten

Ei rusa kvinne i slutten av tenåra, som laga bråk i Måløy sentrum like over midnatt natt til søndag, ville ikkje lyde då ho vart vist vekk frå sentrum. Då hamna ho i arresten.

Måløy

Det er oppretta sak på hendinga, og denne vert følgd opp av Vågsøy lensmannskontor.

Kl. 01.40: Politiet avregistrerte eit køyretøy i Vik då det ikkje var framstilt for EU-kontroll.

Kl: 01.15: Politiet stoppa ein moped som var trimma. Køyretøyet vart avregistrert og føraren, som var midt i tenåra, fekk forenkla førelegg for forholdet.

Kl: 01.48: Ein mann i 20-åra vart vist bort frå Florø sentrum, då han var overstadig rusa. Han gjorde som han fekk beskjed om, og saka er rekna som oppgjort frå politiet si side.

Kl. 01:50: Politiet avskilta eit køyretøy i Stigedalen i Eid på grunn av manglande forsikring.

Kl. 04:48: Politiet fekk melding om at ein rusa mann banka på to forskjellige hus til folk han kjende på Krokane i Florø og uroa desse. Politiet drog til staden og mannen i 30-åra vart funnen. Han fekk beskjed om å halde seg heime hjå seg sjølv resten av natta.