Hopp til innhold

Kvinne sovna bak rattet og køyrde av vegen

Eit einsleg køyretøy har køyrt av vegen på E39 i Jølster.

Foto: Oddleif Løset, NRK

VIDEO: Kvinna var på veg sørover då utforkøryinga skjedde. Foto: Oddleif Løset, NRK

– Det var forbipasserande som varsla om uhellet, fortel Olaug Holme ved politiet sin operasjonssentral.

Uhellet skjedde på E39 ved Svidalsneset i Jølster, og naudetatane vart kalla ut. Bilen var på veg sørover då den kryssa vegbana og køyrde utfor vegen.

Føraren, ei kvinne i 70-åra, er berga ut av bilen og vert teken hand om av helsepersonell.

– Ho skal vere oppe å gå, og det er ikkje snakk om noko alvorleg, seier Holme.

Kvinna var åleine i bilen då uhellet skjedde.

– Ut ifrå den informasjonen vi har til no, tyder det på at vedkommande har sovna bak rattet. Førarkortet er beslaglagt, seier Holme.

Ulukke Svidalsneset i Jølster

UTFOR VEGEN: Bilen hamna godt utanfor vegen i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Trafikkuhell, Jølster