Hopp til innhold

Kvifor trur ein av seks at Ronny er ein skurk?

Både Ronny-problematikken og tyngre spørsmål om identitet blir tema i ny NRK-serie som startar i kveld. I ein av episodane møter du eit svært modig par frå Florø.

Gøril Grov Sørdal nomino

PROGRAMSKAPAR: Vikjen Gøril Grov Sørdal står bak det nye programmet Nomino. Der får du mellom anna møte eit par som gir vekk valet av namn til sin nyfødde baby til programskaparane.

Foto: NRK

Kva er eit namn? Kvifor har me namn, kva brukar me dei til og kva betyr dei for oss? Det skal TV-serien Nomino og programskapar Gøril Grov Sørdal svare på, og første episode kjem på NRK1 og nett-tv klokka 19.45 i kveld.

– Vi møter utruleg mykje folk og får historiene deira om namn, seier Grov Sørdal, som meiner alle vil kjenne seg att i tematikken i programmet.

De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2014. Grafikk.

JENTENAMN: Her er dei mest populære jentenamna i fylka i landet i 2014.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2014. Grafikk.

GUTENAMN: Her er dei mest populære gutenamna i fylka i landet i 2014.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

– Alle har eit namn. Det er ein menneskerett. Om du likar namnet ditt eller ikkje, er det ein del av deg. Om nokon herjar med namnet ditt, kjenner du det i magen.

Nettopp identitet og namnebyte – kva namnet betyr for folk – er tema i første episode i kveld. Deretter følgjer meir eller mindre lette tema utover i serien.

Om namn, mytar og Ronny

Av tema i andre episodar trekk Grov Sørdal fram foreldre som gir namn etter sin eigen lidenskap og kallenamn – og då går turen sjølvsagt innom Høyanger. I episode sju spør dei kvifor Ronny er ein skurk.

– Kvifor er Ronny ein skurk?

– Ja, men er han det då? Vi har både gått ut på gata og spurt folk, og gjennomførte ei undersøking over heile landet. Ein av seks trur Ronny har eit rulleblad!

– Det er ein del mytar knyta til namn?

– Mange trur «Rullegardin» har levd og at Bjørnar har vore forbode. Andre trur Vidkun og Adolf ikkje er lov. Men det er jo ikkje sant, seier Grov Sørdal

Donerte vekk namnevalet

Programskaparen er frå Vik i Sogn. Og innslaget av folk frå Sogn og Fjordane er stort i serien, i episodane 2,3,5, 7 og 8.

– Det er naturleg for meg. Det er bakgarden min. Eg kjenner folk er, og i tillegg er eg patriot, det skal eg ikkje leggje skjul på.

Nettopp folk frå Sogn og Fjordane, nærmare bestemt eit sambuarpar frå Florø, er sentrale i eit av dei meir «ekstreme» eksperimenta i serien.

– Me etterlyste eit gravid par som ville overlate heile namnevalet til oss. Me ville lage eit heilt nytt fornamn, og trengde nokon som ville «donere» ungen sin, ler Grov Sørdal.

– Foreldra skulle vere juryen. Eg vil ikkje seie kva resultatet blei, men få med dykk episode åtte. Dei var tøffe og eg trur dei vart nøgde og!