Hopp til innhold

Kven skal fylle skoa til Djuvik?

Frank Willy Djuvik har for mange vore det same som Framstegspartiet dei siste åra. Men bak frontfiguren, er det mange aktuelle kandidatar til å ta over som fylkesleiar.

Frank Willy Djuvik

FRAMSTÅANDE: Frank Willy Djuvik gir seg som fylkesleiar og no startar jobben i lokallaga for å finne arvtakaren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Djuvik gir seg etter fem år som toppleiar i fylket, og det blir leiarskifte på fylkesårsmøtet i januar. Det store spørsmålet er kven som tek over.

Avviser at Frp har vorte eit einmannsparti

Djuvik har dei siste åra vore fylkesleiar, gruppeleiar på fylkestinget og 1.-kandidat til Stortingsvalet i 2013. Djuvik har vore svært synleg i media, men vil ikkje vere med på at partiet har vorte eit einmannsparti.

– Nei, eg ikkje einig i det heile tatt. NRK har hatt fleire saker med lokale representantar dei siste vekene. Vi er langt frå eit einmannsparti. Vi har hatt fleire framståande politikarar i fylket: både Åge Starheim, Jostein Kvalsvik, Lars Svein Drabløs og Kristine Lie, og eg kunne lista opp fleire. Det er mange flinke folk der ute som kan fylle rollene.

Vil ikkje spekulere i arvtakar

– Og kven blir det?

– Nei, det skal eg ikkje spekulere i. Valkomiteen skal gjere ein jobb, og få innspel frå lokallaga. Det blir feil av meg å legge føringar på jobben dei skal gjere.

– Har du nokre favorittar?

– Det kan godt hende eg har, men det har eg ikkje tenkt å fortelje dykk, seier Djuvik, som held fram som bystyrepolitikar i Flora og som representant på fylkestinget.