Hopp til innhold

Kven eig denne?

Fredag føremiddag landa ei tydleg sliten og kontaktsøkande due på tunet hjå Oddleif Yndestad i Guddalen i Fjaler.

Oddleif Yndestad med brevdue

FEKK UVENTA GJEST: Oddleif Yndestad fanns sliten brevdue på tunet.

Foto: Privat

– Den har to merke, på det eine står det 03018 og på det andre står det Norge 2014, seier Yndestad.

Dua er tam og tydleg vant med folk seier Yndestad, som no lurer på kor langt dua kan ha floge før den landa heime hjå han.

– Dua sit på handa og et skive, så den er veldig tam, så er de nokon som saknar ei due kan dei tak kontakt, for deg veit ikkje om den reiser frivillig.

Dueslepp

– Det er ikkje uvanleg at du brevduer som kjem ut av kurs oppsøker folk, for dei er vande med å få mat og stell av menneske, seier Ragnar Lyssand, som er president i Norges Brevdueforbund.

Brevduer, Norge Rundt

IKKJE UVANLEG: Ragnar Lyssand er president i Norges Brevdueforbund.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

20. mai var det dueslepp frå Kråkenes fyr i Vågsøy. Truleg er det ei due frå dette sleppet som har kom ut av kurs på veg mot Bergen, og mellomlanda i Guddalen.

– Vi veit at det var litt vestavind på sleppruta langs kysten, så den kan ha gjort at dua har kome ut av kurs, eller det kan vere rovfugl som har jaga duene, seier Lyssand.

Kva skal ein gjere

– Men kva gjer ein når ein får ein finn ei brevdue, skal ein gi dei mat og slike ting?

– Det beste er om du har litt frø av noko slag, eller havregryn eller tørre erter.

Duene kan bli verande i fleire dagar, kanskje veker, for dei må kome til krefter igjen før prøve å fly heim igjen. Men dersom du finn ei due kan du spore opp eigaren via merka den har på foten

På Norges Brevdueforbund sine nettsider kan du finne ei side som heiter «Ringliste» Ved å gå inn på årstalet, i dette tilfellet 2014, så kan ein bruke det andre nummeret til å finne eigaren.