Hopp til innhold

Kunnskapsministeren: – Eit positivt vedtak

Høgskulestyra i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund går vidare med fusjonsplanane. Det var eit klokt val, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)

HAR TILLIT: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier han har tillit til at høgskulestyra gjer gode vurderingar i prosessen vidare.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg synest det er eit veldig positivt vedtak, seier Røe Isaksen (H) til NRK.

Høgskulen i Sogn og Fjordane gjekk torsdag inn for å starte sonderingar med Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund. I tillegg vil dei ha samtalar med Høgskulen i Volda.

Men medan Høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund er ivrige etter å få til ein fusjon, er Høgskulen i Sogn og Fjordane langt meir forsiktige. Og blant studentane er motstanden stor.

Meiner fusjon gir høgare kvalitet

Røe Isaksen meiner større institusjonar er viktig for at høgskulane kan yte betre kvalitet enn dei allereie gjer.

– Det blir lettare å svare på lokale behov i arbeidslivet, rett og slett fordi det er meir ressursar som kan flyttast rundt og setjast bak kraftløft.

Styremøte i Høgskulen i Sogn og Fjordane

GÅR VIDARE: Styret i Høgskulen i Sogn og Fjordane, vedtok torsdag å halde fram sonderingar om ein mogleg fusjon med Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund, men også med Høgskulen i Volda.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kunnskapsministeren meiner også den tradisjonsrike lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, er ein viktig grunn til å fusjonere.

– Frå 2017 kjem det ei ny lærarutdanning, ein 5-årig masterutdanning for alle lærarar, og for å få til det så krevst det eit ganske stort løft. Lærarutdanninga vil bli sikrare om ein er ein del av ein større institusjon.

Splid mellom studentar og styre

Men ikkje alle var like glade vedtaket. Studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har heile vegen vore tydelege på at dei ikkje ønskjer fusjon.

Studentrepresentant Magnus Nordrum Brøste, ønskjer å tilfredsstille dei nye krava som vert stilt til masterutdanning, men meiner dette også kan løysast gjennom samarbeid.

– Fusjon er veldig drastisk. Då flyttar ein ut mykje av det Høgskulen allereie er gode på. Ein flyttar styret, budsjettet, altså makt.

Høgskulestyret i Sogn og Fjordane

USAMDE: Styreleiar i Høgskulen i Sogn og Fjordane, Trond Ueland, og studentrepresentant Magnus Nordrum Brøste. Han og den andre studentrepresentanten var dei einaste som stemte nei mot å gå vidare med fusjonsplanane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Styreleiar i Høgskulen i Sogn og Fjordane, Trond Ueland seier han vil lytte til studentane, trass dagens vedtak.

– Eg kan ikkje stoppe no, for eg har ikkje føresetnader for å ta ei avgjersle enno. Det viktige framover er at vi skal diskutere dette samla. Då er studentane viktige.

Avviser skjerpa krav som pressmiddel

Kunnskapsministeren avviser at dei skjerpa krava for å få godkjent masterutdanningane er ein måte å tvinge fram fusjon på.

– Dei har ingenting direkte å gjere med fusjon. Det er fordi vi er opptekne av å ha høg kvalitet på utdanningane våre. Og så er det ei vurdering frå ein del av dei mindre høgskulane at det blir lettare å gi høg kvalitet på utdanningane viss dei er ein del av ein større organisasjon.

Ueland og Stokke på Høgskulen i Bergen sitt styremøte

KALLA INN: Styreleiar og rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vart kalla inn på Høgskulen i Bergen sitt styremøte for å forklare kvifor dei vil ha sonderingar både sørover og nordover. Der forklarte dei at sonderingar med Bergen og Stord/Haugesund er dei som skal leie fram til reelle forhandlingar, medan sonderingar med Volda er meir som samtalar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK