– Eg er skuffa. Vi hadde ikkje forventa den store auken, men hadde håpt å få kompensert for pris og lønnsauke. At det ikkje skjer er inga krise, men vi er skuffa, seier Hilde Bjørkum, som er sjef for Førdefestivalen.
Den er ein av to knutepunktfestivalar i fylket, og medan Bjørkum er skuffa over at dei berre har fått tilført ein 1000-lapp, er leiar for Norsk Countrytreff glad for ein føreslått auke på 56 000 kroner.
– Det er prisauken, og det var det vi rekna med, seier Solstad.
Var de redde for at de hadde ramla ut av heile budsjettet?
– Vi veit ikkje korleis dei tenkjer, så det var godt å få det stadfesta at vi ligg inne og at prisauken er med, seier Solstad.
– Regjeringa satsar på distrikta
Før budsjettforslaget vart lagt fram var det allereie klart at Opera Nordfjord får 800 000 kroner i auka løyvingar. Filmsatsingane Vestnorsk Filmsenter får også auka sine løyvingar med 1,4 millionar kroner og Filmfondet Fuzz får 600 000 kroner.
Også Sogn og Fjordane Teater har fått eit påslag på litt over 400 000 kroner i forslaget som er lagt fram av Høgre og Framstegspartiet.
– Det var som forventa, og vi er nøgde med det. Dei andre teatera har stort sett fått det same. Samstundes ser vi at vi får prosentvis meir enn nasjonale institusjonar. Den politiske leiinga gjer som dei har sagt, og satsar på profesjonell scenekunst utanfor dei store byane. Det er i tråd med det dei har sagt sidan dei tok over regjeringskontora, seier teatersjef Terje Lyngstad.
3,3 millionar kroner til musea
Regjeringa ynskjer også å gje meir pengar til Musea i Sogn og Fjordane, og vil sette av 3,3 millionar kroner. Dette kjem først og fremst på bakgrunn av at ein neste år skal opne det nye reiselivsmuseet i Balestrand, og at ein har utfordringar knytt til bygningsmessig vedlikehald.
I forslaget til statsbudsjett blir det også føreslått at tilskotet til Nordisk kunstnarsenter i Dale inngår i driftstilskotet til Musea i Sogn og Fjordane.
I ei pressemelding frå Framstegspartiet i Sogn og Fjordane går det fram at det førebels er uklart om auka løyvingar til musea frå staten også vil føre til at fylkeskommunen må auke sine løyvingar. Og at dette blir det arbeidd opp mot kulturdepartementet for å finne ut av.