Hopp til innhold

Kua Kristiane vende heim etter over to månader «på rømmen»

Bonde Kari Øvreseth på Breim har gått med ein klump i magen i heile haust. Fredag kom telefonen ho ikkje torde håpe på.

Kua Kristiane vende heim etter to månader på rømmen

HEIMREIS: Få gjensyn er så gledelege som dette. Her ser du kua Kristiane som endeleg vende tilbake etter over to månader 'på rømmen'.

Foto: Privat

– Eg var sikker på at ho var omkomen. At ho hadde gått seg ned i ei myr, eit eller anna. Men så dukka ho plutseleg opp att, seier ho.

Øvreseth kan endeleg gle seg over at ku-forsvinninga enda godt. Men etter to og ein halv månad var håpet byrja svinne.

Hadde fått namn etter dottera

Vi spolar tilbake til slutten av august. Kari Øvreseth og mannen Brynjulf Skinlo henta heim kyrne frå sommarbeite i Breimsfjellet. Sjølv om sommaren var på hell var fjellbeite godt, og dei åtte kyrne som skulle kalve seinast vart sende til fjells att.

– To av dei hadde GPS-sporing, så eg følgde med kor dei heldt seg, fortel Øvreseth.

Nokre veker seinare skulle også desse hentast heim for vinteren, men då fann dei berre seks. Etter ei tid fann dei den eine, men den siste var borte vekk. Som den nest eldste av 24 mjølkekyr i fjøsen vart det eit sakn.

– Ho var sjølv fødd ute. Då var det dotter mi, Kristi, som var med å hente ho heim att. Difor fekk ho namnet Kristiane.

Veksande uro

Men ingen såg noko til Kristiane, og heller ikkje noko kadaver eller øyremerke. Kari og mannen kjende på ei veksande uro.

– Vi hadde kontakt med alle som leitte etter dyr i fjellet, alle som har hytter i området og andre. Alle var informert. Men kua var som sokke i jorda, fortel Øvreseth.

Etter kvart som dagane og vekene gjekk svann håpet stadig meir. Men Øvreseth ville ikkje registrere kua som tapt. Noko heldt ho tilbake.

– Ein gløymer ikkje eit dyr ein har hatt med å gjere kvar dag i mange år… Det var ein klump i magen kvar gong eg tenkte på det, vedgår ho.

Så kom telefonen ekteparet nesten ikkje hadde tort å håpe på. Fredag ringde ein grunneigar i Breimslia.

– Han spurte om eg ikkje sakna ei ku. Då køyrde vi så fort vi kunne med traktor og beitekasse opp dit, seier Øvreseth.

Kua Kristiane vende heim etter to månader på rømmen

LUKKELEG SLUTT: Bonde Kari Øvreseth er svært glad at grunneigaren som oppdaga kua og kalven hadde vet på dyr. – Om ikkje kunne dei ha blitt skremde til fjells att, seier Øvreseth. På biletet ser du grunneigar Gunnar Hole som oppdaga den sakna kua i hyttefeltet i Breimslia.

Foto: Privat

– Ho gjekk der i sola med ein liten kvigekalv

Og synet som møtte dei vil ho seint gløyme. I haustsola stod ikkje berre den sakna kua, men også ein liten nykomling.

– Kua var blitt veldig tynn, men kalven, åh, den var i god stand. Den var veldig loden og mjuk, med pels som ein teddybjørn, smiler Øvreseth.

– Hadde du trua på at de skulle få ho tilbake i live?

– Nei... Det er dette vi lever av og for. Vi har hatt ein klump i magen lenge no, så dette er veldig stas.

Kua Kristiane hadde med seg denne fine kvigekalven då ho vart funnen

NYKOMLING: Når den gode nyheita først kom, vart den dobbelt så stort. Kua Kristiane hadde nemleg fått ein flott og velskapt kvigekalv på fjellbeite. Den vesle kalven har førebels ikkje fått namn. - Men det skal den, smiler Øvreseth.

Foto: Privat