– Sjukeheimspasientar i Sogn og Fjordane er dei som får minst legetilsyn per veke i heile landet. Gjennomsnittet i Norge er 0,35 timar legetilsyn per veke, medan 0,25 timar er gjennomsnittet i Sogn og Fjordane.

Kjell H. Halvorsen - ÉIN AV TRE: Farmasøyt Kjell H. Halvorsen, har i doktorgradsavhandlinga si vist at éin av tre sjukeheimspasientar over 65 år blir feilmedisinerte. Han har ikkje spesifikke tal over Sogn og Fjordane. - Foto: Kåre Iversen / UiB

ÉIN AV TRE: Farmasøyt Kjell H. Halvorsen, har i doktorgradsavhandlinga si vist at éin av tre sjukeheimspasientar over 65 år blir feilmedisinerte. Han har ikkje spesifikke tal over Sogn og Fjordane.

Foto: Kåre Iversen / UiB

Det seier fylkeslegen i Sogn og Fjordane, Per Stensland.

Tidlegare i dag skreiv Bergens Tidende om ny forsking, som viser at éin av tre sjukeheimspasientar over 65 år blir feilmedisinerte. Forskinga blei presentert i doktorgradsavhandlinga til Kjell H. Halvorsen ved Universitet i Bergen.

Halvorsen, som er utdanna farmasøyt, seier at dei ikkje har konkrete tal for kvart fylke

– Vi har ikkje tatt det ned på fylkesnivå. Alle fylka, utanom dei tre nordlegaste, er med i forskinga, fortel Halvorsen til NRK.no.

Han trur ikkje Sogn og Fjordane er verre enn andre.

Sju til åtte farmasøytiske middel

Fylkeslege Stensland kjenner heller ikkje til konkrete tal for Sogn og Fjordane. Han ser uansett ingen grunn til at tala skal vere betre enn éin av tre sjukeheimspasientar feilmedisinerte her i fylket.

– Det er ingenting som viser at vi skil oss positivt ut i denne undersøkinga. Problematikken er veldig aktuell for oss, og eg trur ikkje det er noko betre statistikk her, fortel Stensland.

Etter å ha lest avhandlinga til Halvorsen, meiner fylkeslegen at fleire ting blir slått fast.

– Ein ser, som omtala, at det er eit betydeleg tal pasientar som får medisinar dei ikkje burde fått.

– I tillegg ser ein at eldre får eit stort talt medisinar. På sjukeheim får pasientane 7–8 ulike farmasøytiske middel i gjennomsnitt. Nokon får mykje meir, og nokon mindre. Når det blir slike mengder, så skal jammen meg tilsynslegen halde tunga beint i munnen for å ikkje gjere feil, seier fylkeslegen

(Saka held fram under bildet.)

Per Stensland - LIKAR AKTUALISERINGA: Fylkeslege Per Stensland synest det er positivt at problem på sjukeheimane i Norge blir aktualisert. - Foto: Privat /

LIKAR AKTUALISERINGA: Fylkeslege Per Stensland synest det er positivt at problem på sjukeheimane i Norge blir aktualisert.

Foto: Privat

– Utilsikta negative verknader

Stensland trur grunnen til at eldre no får så mykje medisin i gjennomsnitt, er at også gjennomsnittleg levealder er høgre.

– Folk lev lenger. Dermed får eldre fleire sjukdomar, og for kvar sjukdom er mogleg å behandle med medisin.

– Kvar enkelt medisin har verknad på sjukdomen den skal verke på, men blandinga av fleire medikament – i éin og same gamle kropp – risikerer utilsikta negative verknader. Ein skal ha erfaring for å seie nei til behandling, og heile tida gjere det rette.

Vil drive meir forsvarleg

I doktorgradsavhandlinga si, meinte Halvorsen at fleire farmasøytar på sjukeheimane var eit svar på feilmedisineringa. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane veit det fungerer.

– Men det kan ikkje vere hovudmodellen her i fylket. Halvorsen har vist at fleire farmasøytar fungerer, men her blir kommunane for små og farmasøytane for få. Den modellen passar først og fremst på større sjukeheimar.

Stensland meiner ein her må sjå på sjukeheimslegane.

– I Sogn og Fjordane må ein tenkje forbetring basert på fagpersonellet som finst. Det er første og fremst sjukeheimslegane, og deira moglegheit til å drive forsvarleg, ein må sjå på.

Skarve 15 minutt

Eldre - FÅ MINUTT I SOGN OG FJORDANE: Eldre, på sjukeheimane i Sogn og Fjordane, får i 25 prosent mindre tid med lege i veka, samanlikna med landsgjennomsnittet.NRK

FÅ MINUTT I SOGN OG FJORDANE: Eldre, på sjukeheimane i Sogn og Fjordane, får i 25 prosent mindre tid med lege i veka, samanlikna med landsgjennomsnittet.

Foto: NRK

Fylkeslegen peikar derimot på det som kan vere ei underliggjande årsak til både høg medisinering og feilmedisinering.

– Eit klart problem er at det gjennomsnittlege talet på timar med legetilsyn i veka, er lågast her i fylket. Med mindre tid, er det mindre tid for å revurdere behandlinga.

Sjukeheimspasientar i Sogn og Fjordane får 25 prosent kortare tid med lege i veka, enn landsgjennomsnittet. Alt i alt er gjennomsnittet i vårt fylke 15 minutt med legen i veka.

– Kommunane sparer på legetilsynet, og det er eit problem.

– Har kommunane her i fylket mindre å rutte med økonomisk på denne fronten?

– Nei, dei sparar berre meir enn kommunar i andre fylke sparer på same området. Vi har det lågaste timetalet per pasient, og eg har godt hald for å seie at dette er eit uløyst problem, seier Stensland.

Nyoppretta faggruppe

Per Stensland beskriv timetalet som skammeleg lågt, og seier det er eit klart problem at Sogn og Fjordane brukar mindre ressursar per pasient enn noko anna fylke.

Han er derimot veldig klar over utfordringa.

– Fylkesmannen har teke kontakt med ein av dei erfarne kommunelegane i fylket, Lars Moland i Aurland. Han leiar no faggruppa for sjukeheimsmedisin, fortel Stensland.

Stensland viser òg til Helsedirektoratet si nye kampanje, som frontar korrekt legemiddelbruk. Første tema i faggruppa her i fylket var medisineringa på sjukeheimane.

– Målsetjinga er å betre legemiddelbruken, og å unngå pasientskadar med feilmedisinering.

– Dette er eit nasjonalt problem som no har blitt aktualisert, avsluttar Stensland.

Anne Karin Hamre - OPPRETTA FAGGRUPPE: Fylkesmann Anne Karin Hamre har oppretta ei faggruppe for å betre sjukeheimssituasjonen i fylket. - Foto: Tone Lin Støfring / NRK

OPPRETTA FAGGRUPPE: Fylkesmann Anne Karin Hamre har oppretta ei faggruppe for å betre sjukeheimssituasjonen i fylket.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK