Hopp til innhold

Kritiserer fredinga av UiB i fusjonssaka

Det er uheldig at kunnskapsministeren har freda Universitet i Bergen i fusjonssaka og dermed gir dei lov til å skrinleggja eit storuniversitet på Vestlandet, seier høgskuledekan Anne-Grethe Naustdal.

Anne-Grethe Naustdal

UHELDIG: Det seier høgskuledekan Anne-Grethe Naustdal om fredinga av UiB.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Den høgtflygande tanken om eit storuniversitet på Vestlandet har krasjlanda.

Ein storfusjon mellom høgskulane og universitetet i landsdelen er uaktuelt dei næraste åra, sa rektor ved Universitet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, tysdag.

– Veldig uheldig

Olsen kunne vera så avvisande fordi kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har gitt han lov til det. Statsråden har nemleg sagt at universiteta ikkje treng å fusjonera, fordi dei er store nok i seg sjølv.

– Det er veldig uheldig at han gitt eit slikt signal midt i ein prosess der ein skal finna fram til kvarandre. No slepp dei store institusjonane å delta i fusjonsdiskusjonane på same vilkår som dei mindre høgskulane, seier dekan ved samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Anne-Grethe Naustdal.

– UiB-fusjon best

På eit møte med kunnskapsministeren i Sogndal tysdag kveld utfordra Naustdal kunnskapsministeren. Ei stor samanslåing på Vestlandet, med UiB i spissen, ville ha vore ei god løysing for HiSF, meiner Naustdal.

– Når ministeren vil auke kvaliteten i undervisninga og forskinga, hadde UiB vore ein meir interessant aktør for oss enn høgskulane i Volda eller Bergen, eller begge to. Dei vil ikkje gi same tyngd som ein fusjon, der eit universitet er med.

Hardt fusjonspress

Kunnskapsministeren pressar på for å få dei mindre høgskulane til å slå seg saman til større einingar, og han har ikkje godteke HiSF sine vedtak om å bli verande sjølvstendig. Statsråden avviser at han kan ha skusla vekk ein gyllen sjanse til å få til storfusjon på Vestlandet, når han har freda UiB.

– Nei, det trur eg ikkje. Dei spennande diskusjonane me har hatt under besøket i Sogndal viser at mange ser mange moglegheiter for HiSF ved å samarbeida og fusjonera med andre.

– Konkretiser UiB-samarbeid

Røe Isaksen oppfordra HiSF til å konkretisera det dei ser føre ser som UiB si rolle i eit framtidig samarbeid.

– Det tykkjer me er interessant og vil følgja opp, seier HiSF-rektor Åse Løkeland.