Hopp til innhold

Rapport frå april slår fast: Tunnelen har eit altfor lågt tryggleiksnivå

I ei risikoanalyse frå april kjem det fram at det er behov for umiddelbare tryggleikstiltak i Gudvangatunnelen. Slik tunnelen er i dag er tryggleiksnivået altfor lågt.

Gudvangatunnelen, Paal Fosdal

RISIKO: Ein rapport frå april viser at det var lågt tryggleiksnivå i Gudvangatunnelen. Paal Fosdal(t.v), regionvegdirektør seier det var planlagt oppgradering av tunnelen.

Foto: Montasje

Det er Statens vegvesen som sjølv bestilte rapporten frå det sveitsiske selskapet JOJ Consulting Gmb/Matrisk GmbH. Det skriv vg.no i dag.

Risikoanalysa blei ferdigstilt i april og konkluderer med at Gudvangatunnelen på E16 i Sogn og Fjordane ikkje er trygg nok, og at umiddelbare tryggleikstiltak må til.

– Dette er ei analyse vi skulle bruke vidare i arbeidet med å planlegge oppgradering av Gudvangatunnelen, fortel fungerande regionvegsjef Paal Fosdal til nrk.no.

I rapporten står det mellom anna skrive:

Utan oppgradering er risikoen i Gudvangatunnelen så høg at det ikkje kan aksepterast. Denne konklusjonen gjeld allereie med dagens trafikk, men med stigande trafikk vil risikoen nå eit enda høgare nivå i løpet av dei neste 20 år.

HOJ Consulting GmbH/Matrisk GmbH sin konklusjon

Strengare tryggleikskrav

Over 70 personar blei i går sendt til sjukehus med røykskadar etter at det byrja å brenne i ein semitrailer i tunnelen. 10 personar er framleis alvorleg skadd.

Naudsambandet fungerte dårleg, og redningsarbeidet blei svært krevjande i den 11 kilometer lange tunnelen.

Tryggleiken i tunnelane her i fylket har lenge vore tema. No skjedde ulukka alle frykta, men som mange håpte ein ville unngå.

– Vi jobbar med tunneltryggleik heile tida, og dette er ikkje ei problemstilling som er ny. Tryggleik i tunnelar er oppe kontinuerleg. Frå år til år vert det strengare og strengare tryggleikskrav i tunnelar, seier regionvegsjef Paal Fosdal.

Han påpeiker at Gudvangatunnelen ikkje ville bli bygd slik om den skulle bli bygd i dag.

Fosdal seier tunnelen er frå tidleg 90-talet og har difor bygd etter krav frå den tida. Han seier at hadde tunnelen vore bygd i dag, ville det vore aktuelt med to tunnelløp.

– Når vi først fekk ei så stor og alvorleg hending, så trur eg vi skal vere glad for at vi fekk eit utfall som var langt betre enn det det kunne ha blitt, seier han

Fleire tiltak må til

Fosdal seier dei bestilte rapporten for å få ei oversikt over kva tiltak som var nødvendig for å få eit tryggleiksgodkjenning etter EU-direktiva gjeld frå 2019.

Av tiltak som burde vore sett i gong umiddelbart er å redusere fartsgrensa til 60 km/t. Den beste løysinga vil vere å byggje ny tunnel, i alle fall på lengre sikt, står det skrive i rapporten frå april.

Fosdal seier det har vore intern handsaming av rapporten der første tilråding var klar tidleg i juli og at dette difor er ganske ferskt materiale.

Ifølgje rapporten vil det krevja monalege reparasjonar og oppgradering før tunnelen er på eit akseptabelt tryggleiksnivå. Av oppgraderingstiltak føreskår konsulentselskapet mellom anna å forbetre kablar, ventilasjon, lys og skilting. Samt etablere videoovervaking, fornye straumforsyninga og byggje tekniske rom.

Må vere trygge for å ha trafikk

Sett i ettertid, skulle det vore gjort meir på eit tidlegare tidspunkt med denne tunnelen?

– Det vil vere noko ein kjem tilbake til når ein ser resultatet av arbeidet til havarikommisjonen og også våre vurderingar, seier Fosdal.

Han seier at tryggleik i tunnelane og standarden på dei er ei generell problemstilling

– Vi har jo fleire tunnelar som er av eldre type. Desse tunnelane har jo ein beredskapsplan og vi har tilsynsordningar og godkjenningsordningar på dei i dag, seier Fosdal.

Han seier dei difor skal vere i sikker stand for at dei i det heile skal kunne ha trafikk på vegen.

Fosdal meiner folk ikkje treng å vere uroa for andre tunnelar som er like gamle og gjerne eldre enn Gudvangatunnelen. Ha seier det er beredskapsplanar for kvar av tunnelane, men at det i går var eit spesielt tilfelle.

– Ein kan dele det heile i tre. Du har førebyggjande tiltak, det som skjer under sjølve hendinga og beredskapen. Førebels har vi indikasjonar på at det var ein svikt på det naudsambandet. Elles ser det ut til at beredskapsplanen fungerte slik som den har vore.

Grunnen til det sviktande naudsambandet veit ein førebels ikkje.

Oppgraderingsprogram for tunnelar

Både politiet, Statens vegvesen og havarikommisjonen vil no sjå på hendingsgangen for å få klarlagt alt som skjedde.

– Så må ein sjå på om noko kunne vore gjort annleis eller om det er noko som ikkje har fungert og må rettast på, seier regionvegsjefen.

Fosdal legg til at det og vert jobba med å etablere gode omkøyringsmoglegheiter sidan tunnelen kjem til å vere stengt ei god stund framover.

Han seier og det vil bli sett i gong eit oppgraderingsprogram for tunnelar generelt.

– Det er avhengig av også andre enn oss. At ein får midlar tilgjengeleg og at ein klarar å halde framdrift på eit slikt arbeid, seier Fosdal.