Hopp til innhold

«Eg prøvde å komme meg ut av senga så fort eg kunne»

Nær 90 år gamle Kristina Tvinnereim vart boren ut av heimen sin då uværet herja natt til måndag. Ho har budd på Blakset sidan 1943, og aldri tidlegare opplevd liknande uvêr.

Kristina Tvinnereim

ALDRI OPPLEVD MAKEN: Ho har budd på same stad i 68 år, denne veka måtte Kristina Tvinnereim evakuere for første gong.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det var litt uhyggjeleg. Det var så tett mellom kvart lyn, og så dundra det laust rett over hovudet mitt, fortel Tvinnereim.

Ho hadde gått til sengs då flaummassane raserte Blakset-bygda. 32 personar i bygda vart evakuerte over til Innvik på andre sida av fjorden, mens elvefar og steinmassar fyllte seg oppetter husveggar og garasjar. I nabobygda Lote i Eid vart 11 personar evakuerte.

Vart vekt av dottera

– Eg var så vidt sovna, då det kom nokre og banka på veggen. Eg prøvde å komme meg ut av senga så fort eg kunne, men det går seint for meg, fortel 89-åringen.

Det var dottera Bjørg som kom først for å vekkje mora. Beskjeden var klar. Bygda skulle evakuerast på grunn av rasfare.

– Kva det er no då, spurde eg. Vi bur no på ein stad som det aldri har vore ras. Men det var i full fart med klede, styr og vesen. Og det var litt mørkt og. Eg har to born som leidde meg ned i motorbåten.

Video 50 vart evakuert ved Nordfjorden

50 vart evakuert ved Nordfjorden

Trudde det var slutten

Mange tankar sveiv gjennom livserfarne kvinna sitt hovud.

– Det føltest som at nei, no er det på slutten med meg. Sjølv om eg blir 90 år om eit par veker, så har eg aldri blitt boren. Dei snakka om å bære på gullstol før i tida... Men vi kom oss om bord i båten, konstaterer Tvinnereim.

Nedbøren var av eit slikt omfang at det vart sett ny nedbørsrekord i Stryn. 80 mm fall i løpet 12 timar.

– Det var vått alle stader. Også der vi sat i båten. Men heldigvis la vi til ved misjonsheimen i Innvik. Då var det nett som å komme heim, seier Tvinnereim takksam.

Heilt uventa

Då NRK møtte henne i Innvik måndag ettermiddag hadde ho enno ikkje vore attende og sett på naturen sine herjingar.

– At dette skulle skje så brutalt, kom så uventa. Dei melde det i vêrvarslinga. Dei sa ikkje noko om store nedbørsmengder. Men dei det skulle bli regn og torevêr. Og det vart det. Det var lyn på lyn. Det var ikkje sekundar mellom, og det var nært. Det var litt uhyggjeleg, fortel Kristina Tvinnereim.

Dei evakuerte fekk måndag kveld flytte heim, men Blakset er framleis utan vegsamband.