Hopp til innhold

Kripos kopla inn etter ekstremsportulukke

Det var ein mann av utanlandsk opphav som omkom i speedriding-ulukka i Aurland laurdag.

Dødsulukke i Aurland

REDNINGSFOLK KOM RASK TIL: Mannen som omkom hadde fleire på bakken som kjende til at han skulle speedride. Dermed var det fleire vitne til ulukka laurdag.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Laurdag omkom ein mann etter ei luftsportsulukke. Mannen dreiv med speedriding, som liknar paragliding men der ein flyg nærmare bakken. Mannen landa først i eit hustak, før han deretter ramla fleire meter ned på bakken.

– Mannen var av utanlandsk opphav, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Wenche Hope.

Dødsulukke i Aurland

DØDSULUKKE: Speedriding er ei form for ekstremsport, men liknar paragliding.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Etter det politiet kjenner til hoppa mannen åleine då ulukka skjedde. Det kom raskt folk til ulukkesstaden og raskt sett i gang behandling av den skadde, men livet stod ikkje til å redde.

– Det er rutine at Kripos då vert kopla inn og skal varsle dei pårørande i heimlandet, seier Hope.

Førebels er ikkje identiteten frigitt for politiet har ikkje fått tilbakemelding på at Kripos har fått varsla alle. Men det er kjent at mannen midt i 30-åra budde for tida på Sotra, like utanfor Bergen.

Fleire som var vitne til ulukka vart i går avhøyrde av politiet. Fleire av dei skal ha hatt kjennskap til at mannen skulle hoppe.