Tysk krigsfly på Strynefjellet - NAUDLANDA: Dette tyske flyet styrta ved Grotli under den andre verdskrigen. Samstundes naudlanda eit britisk fly i nærleiken. - Foto: Josef Auchtor /

NAUDLANDA: Dette tyske flyet styrta ved Grotli under den andre verdskrigen. Samstundes naudlanda eit britisk fly i nærleiken.

Foto: Josef Auchtor

Krigsdrama frå Strynefjellet blir film

Krigskampar og to dramatiske naudlandingar på Strynefjellet førte til eit uvanleg vennskap i 1940. Den sanne historia dannar bakteppet til regissør Petter Næss sin neste film.

Som kjempande fiendar skaut eit tysk og eit britisk kampfly kvarandre ned på Strynefjellet i april 1940.

Langtidsprosjekt

Scenene som utspant seg på Strynefjellet har fascinert regissør Petter Næss, kjend frå mellom anna Oscar-nominerte «Elling».

Petter Næss - REGISSERER: Petter Næss har latt seg fasinere av den dramtiske historia frå Strynefjellet. - Foto: Hege Fagerheim / NRK

REGISSERER: Petter Næss har latt seg fasinere av den dramtiske historia frå Strynefjellet.

Foto: Hege Fagerheim / NRK

– Eg har jobba med ein film i eit par år snart, basert på ei sann historie, avslørte Næss då han tysdag føremiddag gjesta Nitimen i NRK P1.

Begge måtte naudlande

Historia han siktar til fann stad 27. april 1940, og er omtala i NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon. Eit tysk Heinkel-fly var på bombetok over Romsdalen då det kom i kamp med to engelske Blackburn Skua-fly.

Ein av mannskapet i det tyske flyet vart drepen, og flyet var så mykje skadd at det måtte naudlande på Strynfjellet. Eitt av dei engelske flya fekk motorstopp og naudlanda like etterpå, berre ei halv mil unna.

– Ein film om fiendar som blir vener

– Det hadde seg slik at desse to engelske pilotane og tre tyskarar søkte ly i samme fangsthytte, seier den erfarne film- og teaterregissøren som har døypt filmprosjektet "Comerad".

I midten av mars månad reknar han med å starte filmopptaka på fjellet.

– Det er ein film om fem fiendar som møtest for å komme tilbake til krigen for å halde fram med og slåst. Det er eigentleg det motsette av ein vanleg hyttetur. Der fem menn dreg på hyttetur som vener, og ender opp som uvener, så ender desse opp som vener.

Skoten under arrestansjonen

Men sjølv om dei allierte og tyske soldatane valde å leggje ned våpena inne i hytta, fekk historia ein dramatisk ende for ein av tyskarane. Dagen etter flystyrten var ein norsk patrulje på Strynefjellet for å reparere telefonlinja, då dei oppdaga kva som hadde hendt.

Under arrestasjonen av tyskarane, trekte ein tyskar pistol og vart skoten. Dei andre tyskarane vart arresterte og førde til Nordfjordeid, og seinare til England.

Vraket ligg framleis på fjellet

– Eg lever av å regissere og fortelje historier. Det er så mange historier og karakterer som eg har lyst å vite meir om, seier Næss som også jobbar med eit filmprosjekt om dei såkalla tyskartøsene.

Det prosjektet må førebels vente, i 2011 vil Næss konsentrere seg om å få ferdig filmen om flydramaet på Strynefjellet. Eit drama som framleis har spor liggjande att etter seg.

Vrakdelane etter det tyske Heinkel-flyet ligg framleis i fjellet ved Grotli. Det britiske Skua-flyet vart derimot i 1974 heva frå Breidalsvatnet der det naudlanda, og vart restaurert.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Fleire nyhende

Den tørre, fine hausten har ført til fantastiske forhold for å jakte på nordlys også her på Vestlandet.
Men nordlyset er uforutsigbart, og du må vera ivrig viss du vil fange og forevige det.
Landbruket står for 10 prosent av klima-utsleppa i Norge. No skal forskarar finne ut korleis bøndene kan få best mogleg avlingar, samstundes som ein reduserer utsleppa til miljøet.
Bøndene fryktar gardsbruk vil ende opp som hytter og fritidseigedomar når regjeringa no vil fjerne bu- og driveplikta. Hos meklarane i eigedomsbransjen er dei derimot svært nøgde.

Kvar er dette?

Kvar er dette? - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her