Hopp til innhold

Krigekamp og poengdeling i Sogndal

Etter ti minutt gjekk Sogndal opp i tet på heimebane mot Haugesund. Men resultatet vart 1-1.

Sogndal- Haugesund

KJEMPAR: Stéphane Diarra Badji i ein av mange tøffe duellar på Fosshaugane Campus i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Her kan du følge kampen: Sogndal-Haugesund

Mane scora etter ti minutt

Malick Mane fekk ballen servert av Ørjan Hopen og knalla ballen i mål for Sogndal etter berre ti minutt på Fosshaugane søndag kveld.

Sogndal var klare til innsats for første del av kampen var det heimelaget som var best med ballen.

Haugesund klarte etter kvart å få opp tempoet, men klarte ikkje å få pasningane så presise at det vart mål av det.

(artikkelen held fram under biletet)

Sogndal- Haugesund

UTLIKNA: Gjestene klarte å utlikne i det 73 minuttet av kampen. Alexander Søderlund scora sitt tredje mål for sesongen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bomma på sjanse

Det vart fire cornerar på rappen i det 26 minuttet av kampen. Etter tre cornerar for Haugesund klarar Sogndal på den fjerde å å få ballen unna målområdet.

Etter 39 minutts spel fekk Haugesund ein real sjanse til å utlikne. Då Alexander Søderlund fekk eit fint innlegg frå medspelar Vegard Skjerve, men heada ballen like utanfor mål.

Til pause vart det 1-0 til Sogndal og like etter start av 2. omgang fekk heimelaget ein ny målsjanse med Gustav Valsvik, men utan hell.

Søderlund scora

Deretter er det Haugesund sin tur, men med Udjus i mål for Sogndal er det lite gjestene får til.

Men i det 73 minutt av kampen klarer Alexander Søderlund for Haugesund å komme seg gjennom. Udjus slår ballen ut, men får den like fort i retur av Søderlund. Og denne gongen vert det mål for Haugesund.

I løpet av det vidare spelet får Sogndal nok ein kjempesjanse framføre målet til gjestene, men lukkast ikkje i å få ballen i mål.

Heilt på tampen får Taijo Teniste for Sogndal gult kort.

Kampen endar 1-1 for laga.

(artikkelen held fram under biletet)

Sogndal

I TET: Sogndal var i tet etter 45 minutt på Fosshaugane søndag kveld.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Har enno ikkje tapt

Sogndal har ikkje tapt til no i år og ikkje sluppe inn eit einaste mål heller.

De har faktisk ikke sluppet inn mål i det hele tatt. Dei opna serien med ein strålande 4-0 siger over Skien og har etter dette hatt to 0-0 kampar mot Hønefoss og Rosenborg.

Gjestene på Fosshaugane i dag har starta godt i serien dei og med ein siger, ein uavgjort og eitt tap.

Lagoppstillinga til Sogndal frå start:
1 Kenneth Udjus
24 Eirik Bergum Skaasheim
17 Gustav Valsvik
4 Hannu Jarl Johannes Patronen
2 Taijo Teniste
23 Tonny Brochmann
7 Henrik Furebotn
12 Stéphane Diarra Badji
10 Ørjan Hopen
26 Malick Mane
Formasjon: 4-4-2

Lagoppstillinga til Haugesund frå start:
1 Per Morten Kristiansen
18 Vegard Skjerve
10 Umaru Bangura
15 Martin Bjørnbak
2 Joakim Våge Nilsen
6 Håvard Storbæk
5 Trygve Nygaard
17 Geir Ludvig Fevang
11 Tor Arne Andreassen
44 Nikola Djurdjic
9 Alexander Søderlund
Formasjon: 4-4-2