Hopp til innhold

Krev midtdelarar langs heile den nye ferjefrie E39-traséen

Interesseorganisasjonen "Nei til Frontkollisjoner" krev at ny ferjefri E39 blir møtefri. Dei ønskjer midtrekkverk for å unngå frontkollisjonar. – Vi må unngå fleire tragediar som den vi såg andre juledag, seier Geirr Tangstad-Holdal i organisasjonen.

Midtrekkverk

MÅ GJERE ALT FOR Å HINDRE MØTEULUKKER: Midtrekkverk reduserer talet på dødsulukker med 76 prosent, ifølgje interesseorganisasjonen 'Nei til Frontkollisjoner'. Dei vil at større delar av nye vegprosjekt skal ha midtrekkverk.

Foto: Aslak Ballari / NRK

– Det må ei haldningsendring til i planlegginga. Vi må tenke tryggleik først. Så kan ein byrje å tenke på å få ned tida for å komme raskare fram.

Organisasjonen "Nei til frontkollisjonar" vart stifta i 2007 og har som hovudmål å hindre møtekollisjonar. Dei jobbar mellom anna med å få midtrekkverk inn i alle nye prosjekt. Andre juledag omkom tre menneske på E39 i Våtedalen i Jølster i ein frontkollisjon.

No ønskjer foreininga at alle dei største prosjekta som er under planlegging må blir møtefrie der trafikken er over 4000 køyretøy i døgnet.

– Nye prosjekt må vere møtefrie

– På Vestlandet er det først og fremst E39 som vi meiner er viktig å sjå på, og sikre ved hjelp av midtdelar. Men også andre vegar som er trafikkfarlege. Vi veit at møtefrie vegar med midtdelar reduserer talet på dødsulukker med 76 prosent, og talet på hardt skadde med 47 prosent.

Organisasjonen ønskjer å jobbe mot ein nullvisjon for ulukker på vegane, og nemner difor også rassikring som eit element for å gjere vegane tryggare. Midtdelarar reduserer talet på utforkøyringar.

– Vi veit at rundt 50 prosent av at alle utforkøyringar skjer til venstre for bilførar. Det betyr at vi enkelt kan redusere talet på slike ulukker også med midtrekkverk.

Meir midtrekkverk

Tangstad-Holdal er lei av å bli møtt med argument om at ein ikkje kan bygge seg mot ein nullvisjon, for alle typar rekkverk og midtdelarar hindrar ulukker.

– Midtrekkverk er eit av dei mest effektive trafikksikringstiltaka så er samfunnet nøydde til å prioritere det som reddar flest liv.

I planlegginga av ny ferjefri E39 er det berre planlagt midtrekkverk der trafikken er over 6000 køyretøy i døgnet. Organisasjonen "Nei til frontkollisjonar" krev at ein større del av strekningen får slikt midtrekkverk.

– Vi meiner at når ein planlegg ein slik strekning så må prosjektet innehalde ein møtefri veg.